Babysong
 

25.03.2014

Den første mandagen i månaden er Babysong på BUAS

 

Kvar mandag kl.10-13 er Sykkylven kyrkjekjellar open for foreldre-born-samling.

Dette er ei uformell samling der vi får snakke saman om smått og stort medan borna leikar.

Vi kokar kaffi/te og et nistematen vår.

Kl.11 har vi Babysong. Leiaren vår er trusopplærar Anna Myklebust.

Vi syng små, enkle barnesongar.

1.mandag i månaden møtest vi direkte på BUAS kl.11, istadenfor i kyrkja.

Der sit ein stor ring av bebuarar og ventar, og mattene ligg klar på golvet i midten.

Snart fyllest mattene opp av nydelege små babyar.

Songen startar, og dei eldre er med og syng, klappar med i rytmen, og gjer bevegelsar.

Mange store smil er å sjå.

Etter samlinga et vi nistematen vår i kantina, og BUAS diskar opp med kaffi og te.

 

Har du baby? Kom og bli med på foreldre-born-samling, og på Babysong! Dette er for alle :)

Pris: Ingenting! Men den som vil, betalar 50,-kr halvåret i medlemskontingent, slik at vi kan søke støtte gjennom Ung Kyrkjesong.