Bygging av podium i veke 41
 

20.06.2014

Soknerådet har vedtatt eit endringsprosjekt for endring av frontpartiet i Sykkylven kyrkje.
Søndag 12. oktober er første gudstenesta med det nye podiet på plass.
Alle er velkomne til å ta del!

Ei prosjektgruppe oppnemnd av Sykkylven sokneråd har i lengre tid arbeidd med endring av frontpartiet i kyrkjerommet. Møre biskop har behandla saka og har godkjent søknaden frå soknerådet om eit prøveprosjekt for tre år som skal gjennomførast med varsemd og på ein fagleg god måte slik at alle endringane fullt ut kan bli tilbakeført til opphaveleg tilstand.

  

Bakgrunn

Sykkylven kyrkje er eit tenleg og godt kyrkjebygg, vi har eit mangfald i gudstenestar og kyrkja blir mykje brukt til konsertar og kulturelle arrangement. Gudstenesteframmøtet er godt, det er stor deltaking av frivillige, og det er eit aukande tal av born som er med på gudstenestane våre, det er no til vanleg mellom 15 og 20 born med på første del av gudstenesta, før dei har sine eigne opplegg under siste del. Trusopplæringsreforma gjer også at kyrkjerommet er meir i bruk enn før, og det er eit ynskje om å kunne legge endå fleire samlingar til kyrkjerommet. Samstundes er partiet mellom altarring og kyrkjerom til dels trangt, og det som skjer der (drama, framføringar, born som opptrer osv.) er vanskeleg å sjå for dei som sit langt bak i kyrkja. Det er også stor slitasje på alterringen som må demonterast/flyttast kvar gong det er ein større konsert eller kulturarrangement i kyrkja. Preikestol og døypefont er fastmonterte, og det gjer også at det er vanskeleg å utnytte plassen.

 

Endringane inneber:

-         Å flytte preikestolen til ein trygg oppbevaringsstad.

-         Å bruke døypefonten, men lage eit nytt understell, truleg i eik.

-         Å bruke lesepulten som både lesepult og talarstol.

-         Å flytte altarringen fram nærare alterbordet. Den vil bli litt mindre enn den er i dag.

-         Å bygge eit podium med universell utforming på ein slik måte at det ikkje vil øydelegge golvet (flisene), og som evt. kan fjernast etter prøveperioden. Fargar og overflate vil bli avstemt etter fargane i kyrkjerommet og den vil bli bygd i eit solid materiale med lyddempande materiale. Høgda blir på om lag 30cm over golvet og vil ta omsyn til både dagens og framtidige tekniske behov. Podiet skal utformast av profesjonelle og byggast i materiale av høg kvalitet, utført av profesjonelle.
Til dette har vi engasjert Holen Arkitektkontor v/Odd Holen og PU-Fabrikken v/Jarle Slyngstad og Arve Grønmo.
Målet er at podiet skal opplevast som ein integrert del av kyrkjerommet.

 

Finansiering vil skje gjennom bruk av midlar frå fond.