Ny beplantning rundt klokketårnet
 

29.07.2014

Stor takk til Sykkylven Rotary Klubb og Gjensidige Sykkylven!

I løpet av juni utførte Sykkylven Hageservice, i samarbeid med driftsleiar Runar Bårnes, ei sanering med påfølgande beplantning av store delar av området rundt klokketårnet ved Sykkylven kyrkje. Dette med bakgrunn i ein lengre prosess der Sykkylven Rotary Klubb signaliserte at dei, i samarbeid med ei lokal verksemd, hadde ynskje om å dekke kostnadane med dette. Denne lokale verksemda vart Gjensidige Sykkylven.
På grunn av tett og god dialog, og erfaring, med Sykkylven Hageservice v/Geir Helge Grebstad, kjøp av omlag 40 tilleggsplanter (betalt av kyrkjeleg fellesråd), og utført arbeid av Bårnes, fekk dette prosjektet eit enda større omfang enn først antatt.

Eg vil med dette få rette ein stor takk til Sykkylven Rotary Klubb og Gjensidige Sykkylven, samt til Sykkylven Hageservice for det gode samarbeidet og for godt utført arbeid!

Helsing Arild Sporsheim
Kyrkjeverje / Dagleg leiar


Det ferdige resultatet. :-)      (bileta er tatt av Olav Pileberg)



Gediminas Valiukevicius frå Litauen (t.v.) og Andreas Heckeroth frå Tyskland hadde etter
kort tid gjort området ved Sykkylven kyrkje nesten klart til nyplanting.


Vegard Kaland har fått seg ein grøn sommarjobb! Plasten blir lagt utover for å hindre ugras-spiring.


Andreas plantar ut eit felt med mispel.