Moglegheiter og FOKUS
 

29.09.2014

Til saman 12 stk. frå sokneråda og staben har vore på kurs i korleis ein kan skape og legge til rette for, og lede, kyrkjelydane til vekst.

Bakgrunnen er eit ynskje om å sette av tid til å ha merksemd på moglegheiter og fokus på det som kan skape utvikling og vekst i kyrkjelydane våre.

Kurset heiter: FOKUS – muligheter i lokalmenigheten
Det er heilt nytt i Norge og bygger på Leading Your Church Into Growth - eit kurs som er velprøvd i den anglikanske kyrkja gjennom 20 år, og som har stimulert vanlege folkekyrkjemenigheiter til vekst. Det er Senter for menighetsutvikling ved Misjonshøgskolen som har leia arbeidet med å tilpasse dette til norske forhold. Domkantor Olav Gading og sokneprest Helge Standal, utsendt av Møre bispedøme, er 2 av omlag 10 personar som har vore med i dette arbeidet og som no er kurshaldarar i dette kurset.

Kurset gjekk over 3 dagar og var inndelt i 8 kapittel/seminar:
1. KONTEKST - Kor er vi? Kor vil vi?
2. VEKST - Positivt leiarskap i kyrkjelydsutvikling
3. PLAN – Strategi for utvikling og vekst, og det første skrittet
4. KULTUR – Bygge fellesskap gjennom invitasjon, velkomst og gjestfriheit
5. OPPDRAG – Dele evangeliet i nærvær, handling og ord, lokalt og globalt
6. VANDRING – Vekse som Jesu etterfølgjarar
7. HJARTET – Lokalt gudstenesteliv
8. VEGEN VIDARE – Neste skritt for deg og kyrkjelyden

Kurset var ein kombinasjon av undervisning og refleksjon, både aleine og i grupper.



Fv. Tove Aarseth Skauvik, Ingrid Fredly, Svein Erik Kampenes, Helge Standal, Torbjørn Støylen, Karl Johan Gjævenes, Erlend Lunde, Ilyas Degirmenci, Elisabeth Haugen, Normann Fauske og Trygve Ebbesvik. Arild Sporsheim (foto) er ikkje avbilda.

Kurset heldt stad i Stavanger, ved Solastrand, på Himmel & Hav kurs- og konferansesenter. Eigd og drevet av Det Norske Misjonsselskap (NMS).
Dette bildet er frå ei av gruppe-refleksjonane. Dag 1 og 2 var vi heldige med svært godt vær.