Gudstenestefeiring med innviing av det nye podiet

15.10.2014



På søndag kunne me feire gudsteneste med det nye podiet på plass. Responsen var svært god og med tilbakemeldingar som mellom anna;
«dette passa veldig godt inn i kyrkjerommet» og «ein skulle nesten tru at det alltid har vore slik», er dette heilt i tråd med målsettinga om ei best
mogleg integrering i rommet.


 

Det var om lag 100 deltakande i denne gudstenestefeiringa der det mellom anna var nattverd med bønevandring og song og musikk av Margrethe
Velle Ødegård (song), Sveinung Utgård (kontrabass) og kantor Rose Iren Stave (flygel). Borna var som vanleg med i første del av gudstenesta før dei
og tigeren gjekk til søndagsskule, Minigjeng og Jungelgjeng.

 

Bakgrunnen for denne endringa er den store og varierte bruken av kyrkjerommet og eit ynskje om ei fleksibel løysing som gjev meir plass i korområdet.

Endringa gjer også at vi slepp å demontere altarringen for konsertar og kulturarrangement. Altarområdet er tydelegare definert som ein heilag stad.

Sokneråd, prosjektgruppe og utsmykkingsnemnd har vore opptatt av gjennomtenkte og brukarvenlege løysingar med respekt for kyrkjerommet, proporsjonar,
materialval, estetikk,  kvalitet og at det vart ein solid konstruksjon.

 

«Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til» seier Jesus i Markus 10,14. Eit podie med 30 cm. høgde betrar tilhøva til
opplegg m.a. for borna, og etter kvart vil vi også prøve ut plassering av døypefonten (med nytt flyttbart understell) framme i senter av podiet slik at
dåpshandlinga bokstaveleg talt skjer i sentrum, dette trur eg blir veldig fint. 


Borna kom som vanleg fram i byrjnga av gudstenesta. No kjem litt høgare opp og er betre å sjå frå kyrkjebenkane.
Foto: Arild Sporsheim



f.v. kantor Rose Iren Stave, Margrethe Velle Ødegård og Sveinung Utgård
Foto: Arild Sporsheim

____

EIN GRUNDIG PROSESS

Allereie i desember 2011 vedtok Sykkylven sokneråd å starte eit prosjekt med mål om denne endringa. Kyrkjeverjen sa ja til å leie dette prosjektet og

Starta med å etablere eit utval beståande av Kjell Arve Bjørnestad, Kjell Stave, Knut Henning Aursnes, Thorgeir Foss, Hallstein Kurseth, og kyrkjeverjen, til å
arbeide fram forslag til løysing. Med stor hjelp frå Holen Arkitektkontor og PU Fabrikken kunne dette utvalet presentere ei skisse som i stor grad er lik
det vi no har fått på plass. Både Sykkylven kyrkjelege fellesråd og utsmykkingsnemnda behandla saka før soknerådet i februar 2014 gjorde vedtak om å

søke biskopen om denne endringa av frontpartiet som ei forsøksordning med evaluering etter 3 år. Biskopen stilte seg positiv til dette og viste til positiv
tilråding frå både prost og kyrkjekonsulent.