Kyrkjevalet 2015
 

11.11.2014

Kyrkjevalet 2015 er i gang

Det skal veljast nytt bispedømeråd i Møre bispedøme i Den norske kyrkja. 

Kyrkjevalet 2015 er i gang

Det skal veljast nytt bispedømeråd i Møre bispedøme i Den norske kyrkja. Medlemmene i dei 12 bispedømeråda landet over er Kyrkjemøtet. Bispedømerådet tilset prestar og forvalter m.a. statlege løyvingar til trusopplæring og stillingar for diakoni og kateketikk. Kyrkjemøtet vedtek prioriteringar for heile kyrkja, m.a. planar for trusopplæring, gudstenestereform og framtidig organisering av kyrkja.

 

No gjeld det å fremje forslag til LEKE KANDIDATAR til Møre bispedømeråd og Kyrkjemøtet.

 

Fram til 15. januar:

Kvart sokneråd har høve til å foreslå opptil fire kandidatar.

Ungdomsrådet i Møre bispedøme kan foreslå kandidatar.

Nominasjonskomiteens medlemmer kan foreslå ein kandidat kvar.

Kontakt gjerne sokneråd og drøft kandidatar.

Dei som blir foreslått skal spørjast om dei er villige til å la seg nominere.

 

Fram til 1. mai:

Det er høve for andre grupper å lansere FORSLAG TIL LEKE KANDIDATLISTER.

Følgjande krav må m.a. oppfyllast:

Alternative kandidatlister skal eigenhendig underskrivast av minst 150 stemmeberettiga forslagsstillarar frå minst tre ulike sokn i bispedømet.

Alternative vallister skal vere utfylt med minst 7 og maksimalt 18 ulike namn i prioritert rekkefølgje.

Jf. Valgreglane § 2-7.

 

Nominasjonskomiteen for leke har bruk for OPPLYSNINGAR OM KANDIDATANE.

Kandidatane fyller sjølv ut «Skjema for presentasjon»

Sjå www.kirken.no/more/ gå til Kirkevalg 2015.

Valrådet i Møre bispedøme