Jippi-koret
 

29.05.2017

Jippi-koret på Ikornnes

JIPPI!

Vi har mange fine songar vi gjerne vil synge for folk.
No har vi sommarferie, men vi startar opp igjen til hausten. :-)

Vi song på Sentrum Scene på Sykkylvsdagane laurdag 10.juni, og

laurdag 17.juni på fest på bedehuset i Straumgjerde.

Tusen takk til alle born og familie som blei med!

Jippi er barnekoret vårt i Ikornnes kyrkje for alle born frå 2.klasse og oppover.

Vi startar rett etter skuletid med knekkebrød og gulrøter/frukt, og er klare for song kl.14.30. Då deler vi koret i to, med 2.-3.klasse nede i kyrkjekjellaren og 4.-7.klasse oppe i kyrkjerommet. Heile felleskoret avsluttar øvinga saman oppe i kyrkjerommet. Slutt kl.15.30.

Koret har hatt mange flotte opptredener: i gudstenester, konsertar på BUAS, julekonsert, julefest, NMS-messe, kyrkjemessa på Aure, kyrkjedagane på Ikornnes, og vi har delteke på fellesgudsteneste på idylliske Herdalssetra i Norddal.

Styret i koret er Marit Lunde, Sølvi Kristin Goksøyr, Mona Borgundvåg, trusopplærar Anna Myklebust og musikalsk leiar Rose Iren Stave. Faste dirigentar er Rose Iren, Marit og Anna. Margrethe Velle Ødegård er trufast dirigentvikar når det trengs på opptreden. Vi er to dirigentar på kvar øving, pluss at vi har gode foreldre som ordnar til måltid for svoltne skuleborn.

Koret er medlem i organisasjonen Ung Kyrkjesong, og har ein medlemskontingent på
50 kr pr semester. For dei som ikkje går på SFO, slik at dei et på koret, er kontingenten 100 kr.
Vi øver kvar torsdag etter skulen, kl.14.30 - 15.30


Alle 2.-7.-klasse-born som likar å synge er hjarteleg velkomne!


 

Her song vi på BUAS den 28. mai 2017.