Mange born til søndagsskule!
 

04.03.2015

Dei gode søndagsskuletilboda i Sykkylven blir satt pris på.

I begge kyrkjene, Ikornnes & Sykkylven, er det tilbod om søndagsskule på alle gudstenestene.
Det fungerer då slik at borna er med i første del av gudstenesta før dei går til søndagsskule etter om lag 15-20 min.
I første del av gudstesta skjer då eksempelvis barnedåp, diverse utdelingar, song av eks. Barnekoret Super eller JIPPI-koret.

Dei søndagane det er nattverd får søndagsskulen beskjed slik at både liten og stor kan gå til nattverd om ein ynskjer det.

Søndagsskulen i Sykkylven kyrkje er delt opp i 3 aldersgrupper:
               * Minigjeng for 0-4 åringane
               * Jungelgjeng for 4-8 åringane
               * Maxigjeng frå 8 år og oppover

Søndag - ein annleis dag!


Her er nokre bilete frå gudstenesta den 22. februar 2015:

Tigeren kom med skattekista til borna.


Tenning av fastelys.


Guds kjærlighet er rundt om meg - med eit jublande JA! til slutt.