Flott gudsteneste i Ikornnes kyrkje!
 

04.03.2015

Mange var med i gudstenesta den 1. mars 2015.

Det var om lag 140 mennesker i Ikornnes kyrkje søndagen etter Kyrkjedagane 2015.
Erlend Lunde var prest og kunne innleie gudstenesta med å fortelje om svært vellukka Kyrkjedagar og
at det etter gudstenesta blir STOR-kyrkjekaffi som følgje av Kyrkjedagane.
Vidare ynskja han spesielt 11-åringane og Sykkylven Gospelkor velkomen.

Søndag - ein annleis dag!




Det var mange 11-åringar som møtte opp for å få kvar sin bibel av kyrkja.
Dette er ei bok som det kan strekast i og brukast "hardt" - det er ikkje ei bok som berre skal stå til pynt, sa Erlend Lunde.


Sykkylven Gospelkor song Celebrate som postludium.
Dirigent, Einy Fauske - Pianist, Tor Einar Steinsvik - Solist, Grete Sporsheim

Stor takk til Sykkylven Gospelkor for inspirerande og flott song!



Etter gudstenesta var det STOR-kyrkjekaffi!