Nesten 500 menneske til gudsteneste
 

25.03.2015

Søndag 22.03.2015: Nærare 500 menneske, store og små, tok del i feiringa av Gudsteneste i Sykkylven kyrkje.
 

Alle våre 100 konfirmantar var samla til gudsteneste. Saman med ungdomskoret BlesSing, song dei so flott under leiing av Linn Tårnes og Trine Ramnefjell.  

BlesSing song også to lovsongar. Dei øver kvar onsdag, og tek gjerne imot fleire songarar og musikarar.

 

Sokneprest Helge Standal intervjua Florence Tandstad. Ho fortalde frå sin oppvekst i Afrika, der ho og dei andre jentene måtte gå 3-4 timar kvar morgon for å hente vatn. Tirsdag 24. gjekk konfirmantane rundt i heile bygda og samla inn pengar til Kirkens Nødhjelps arbeid for å bygge brynnar. Astrid Kleppe Flacke leia fasteaksjonen kyndig, trygt og effektivt.

 

Laurdag 21. hadde 5-åringane Barrabas-samling, der dei lærte om påska. I gudstenesta song dei to songar, under leiing av Ingrid Fredly, før dei og alle borna gjekk til søndagsskule (Minigjeng, Jungelgjeng og Maxigjeng).

 

Rose Iren Stave, kantor


Konfirmantkoret 2015 saman med ungdomskoret BlesSing
Foto: Rose Iren Stave


Ungdomskoret BlesSing
Foto: Rose Iren Stave



Foto: Rose Iren Stave