Sunniva-konsert 12.april
 

15.04.2015


"Må korsets tre slå rot" i Sykkylven

Søndag 12.april feira vi 25-årsjubileet til Sykkylven kyrkje med konsert for og med born, unge og vaksne: Spelet om St.Sunniva, "Må korsets tre slå rot". Musikkspelet vart tinga av UngKyrkjesong Møre i år 2000, og vart framført i Sykkylven også i 2008. Eyvind Skeie har skrive tekstene, der også to Davidsalmar frå Bibelen er med: salme 23 og salme 139. Musikken har Odd Johan Overøye frå Stordal, skrive, og den er spanande, variert og svært vakker. Den krev dyktige musikarar og solistar, saman med barnekor, ungdomskor og ei mannsgruppe. Prinsesse Sunniva budde i Irland, men måtte flykte frå ein vond konge. Saman med nokre vennar, la ho livet i Guds hand, og i ein båt utan årar eller ror, hamna ho på øya Selja. Der lei ho til slutt martyrdøden, og vart seinare Noreg sin første helgen. Historia er dramatisk, men full av glede, tru og håp. Vi som har jobba med dette spelet, er blitt veldig glade i det, og glade vart vi då vi såg at kyrkja vart full av publikumarar. Hallvard Sandvik tok bilete:

Medverkande:
St.Sunniva: Stine Hole Ulla
Den vonde kongen: Andrè Sjåvåg
Kong Olav Trygvasson: Vidar Hovden
Forteljar: Kathinka Røsberg Møller
Regi: Trine og Kirsti Ramnefjell
Dirigent: Ragnhild Eide Akslen
Kor: KorKjekt i Sykkylven, Spjelkavik kyrkjes Barne- og ungdomskor og Aspirantkor, samansatt ungdomskor, og samansatt mannskor.
Percussion: Miki Campis
Gitar: Kjetil Strand
Kontrabass: Tor Dyrseth
Fiolin: Anne Randi Håhjem Nilsen
Blikkfløyte og klarinettar: Jøran Hattem
Orgel: Ola Eide
Piano: Rose Iren Stave
Lyd: Lydkjelleren v/Kjetil Kristiansen