Historia om Sykkylven kyrkje
 

15.04.2015

Gjenfortalt av nokre av dei som var med i den kommunale plan- og byggenemnda. 

Kyrkjebrannen natt til 2.februar 1983 kom som eit sjokk på bygdafolket. Denne flotte kyrkja med den særmerkte kunsten var borte. Ein kjende seg heilt lamma, men samtidig såg alle at det som hadde gått tapt måtte erstattast på ein verdig måte.

Det ville sjølvsagt ikkje vere aktuelt å bygge opp att alt, slik det var. Men vi måtte prøve så godt vi kunne å overføre dei verdiane som låg i gamlekyrkja til den nye - ei kyrkje av vår tid - som kunne ha verdiar i seg for framtida.

 

Då arbeidet med den nye kyrkja tok til, under leiing av ein oppnemd byggekomite der Kårstein Blindheim var formann, vart det gjort eit grundig underlagsarbeid, med synfaring i fleire kyrkjer i landet. Ein fekk erfaringar og opplevingar av kyrkjerom som inspirerte til stille kontemplasjon mens annan arkitektur stimulerte til aktiviteter i kyrkja. Dette for at komiteen og arkitekten skulle få et arkitektonisk og funksjonelt samtidsbilde som grunnlag for det arbeidet som skulle settast i gang.

Likevel var det nok ingen som trudde at det skulle gå sju år før den nye kyrkja kunne vigslast. Det var mange grunnar til det. Men då det nye prosjektet endeleg vart godkjent, hadde det gått såpass lang tid at det som arkitekten då la fram vart godt motteke av alle.




Foto: Reidar Skotte


«Det starta med ei rose. Kronblada var kvelva innover og verna dei livgivande frøa i planten». Slik tenkte arkitekt Oskar Norderval seg at Sykkylven kyrkje måtte vere, då han sette seg til teiknebrettet. Romprogrammet var klart, no stod det vanskelegaste att: Å gi liv til tørre tekniske spesifikasjonarverdiar», sa Norderval. Og vidare: «Betong og teglstein er naturleg og solid. Det vil ikkje forfalle. Kyrkja skal representere noko fast i eit samfunn i endring, vere noko som står der uansett, noko ein kan stole på i eitt og alt».

Norderval såg også at den planlagde utsmykkinga og kunsten måtte på plass før den nye kyrkja var komplett. Først då ville dei ulike elementa i bygget og interiøret forsterke og gi liv til kvarandre.

Designar Svein Asbjørnsen vart koordinatoren, som saman med arkitekten og kunstnarane skulle syte for at alle arbeidde i same retning. Dei mange frittståande elementa skulle til saman uttrykte ein heilskap. Han sa det slik: «Kyrkjekunst er også forkynning, ein kommunikasjon utan ord. Gudstenesta er noko vi opplever der og då, men kunsten representerer meir ei form for stille tale til den enkelte. Kunstnaren gir den kristne bodskapen si tolking. Den står gjennom skiftande tider, uavhengig av teologiske straumdrag».

Asbjørnsen peikar på alteret, altartavla,- ankerpunktet. Altaret er senteret, samlingspunktet og utgangspunktet for dei kyrkjelege handlingane».

Ikkje noko i dette kyrkjerommet vart «tilfeldig»plassert. Alt gjekk ut frå senteret, altaret. Altarringen si sirkulære form går igjen i stadig større sirklar, via benkeradene og gallerifronten, heilt bak til dei bua ytterveggane. Golvet med flismønsteret i boge saman med benkar og stolar, skal minne om folket sitt møte med den levande Gud. Som ringane i vatnet spreier seg utover, slik vil kyrkjelyden spreie Guds kjærleik og gode vilje utover og utover….Og alt fører fram mot og ut frå senteret/alteret under altertavla, der presten står og formidlar den kristne kyrkja sin liturgi.

 

Men kyrkja har også eit senter der takflatene møtest. Når bygget no skulle prydast med kunst, var det viktig at folks merksemd først vart konsentrert i alterpartiet, der ord og sakrament skulle forvaltast. Deretter skal ein føle draget oppover.


Foto: Arild Sporsheim

Altartavla vart laga av bilet- og glaskunstnar Veslemøy Nystedt Stoltenberg. Motivet vart henta frå påskeevangeliet. Håpet står sentralt: Jesus stod opp frå dei døde. Ho tenkjer seg Kristus idet han stig opp til himmelen, oppstoda og sigeren. Glasmåleri i lysspalta over, blir ei forlenging av altartavla.  Motiva på sidene av altartavla er frå det gamle og det nye testamentet. Saman med senteret i altartavla, skal desse motiva skape det visuelle tyngdepunktet i kyrkja.

Veslemøy laga seinare glasmåleri til dei andre lysspaltane. Her vart det motiv frå jul og pinse. Over orgelet mot sør er «himmelhåpets hjørne», for å bruke hennar ord.

Ho laga også dua som vart støypt i bronse, og heng midt i kyrkja vendt mot døypefonten. Dua skal symbolisere Den Heilage Ande, slik den kom ned over Jesus då han vart døypt.

 

Glaskunsten ga Bjørg Neergård Abrahamsen inspirasjon til å bruke thaisilke i tekstilane som ho laga. «Dette er levande materiale som har slektskap til glas og lys», sa ho. Også tekstilane er med i heilskapen i den nye kyrkja, og dei ulike korsmotiva legg også vekt på forskjellige sider ved den kristne trua. Ho døydde diverre i 1992 før ho fekk fullført det raude settet med antependium og prestens messehagl. Bjørg var ei av de fremste tekstilkunstnarane i si tid, og hennar arbeid var kjend og verdsatt i inn- og utland.

 

Den kjende trekunstnaren Johannes Rieber dreia den ytre dåpsskåla i døypefonten av eik, medan kunstnaren Marianne Selsjord kledde den med bladgull. Dette vart gjort i samarbeid med Grete Prytz Kittelsen som utforma alt av sølv: Dåpsfatet  og altar-lysestakane , kalk, disk og vinkanne. Ho var ei av dei mest nyskapande sølv- og emaljekunstnarane som Noreg har hatt, med stor anerkjenning i det internasjonale brukskunstmiljøet. Grete sette med dette eit unikt preg på det ho laga til kyrkja vår.

 

Det var altså ei tverrfagleg gruppe som stod for utarbeidinga av ein heilskapsplan for Sykkylven kyrkje. Gruppa bestod m.a. av arkitekt Oskar Norderval, interiørarkitekt Svein Asbjørnsen, tekstilkunstnar Bjørg Abrahamsen, sølvsmed Grethe Prytz Kittelsen og biletkunstnar Veslemøy Nystedt Stoltenberg. Det er nok dette samarbeidet som er den viktigaste grunnen til den unike heilskapen i nye Sykkylven kyrkje.

Byggets stille tale, uttrykt gjennom kunst og arkitektur ga kyrkja særpreg og identitet. Det er ikkje tilfeldig at den har blitt tildelt  m.a. pris ved Nordisk kyrkjebyggkonferanse i Bergen i 1992.

 

Om utsmykkingsplanen vart eit resultat av mykje grubling og mange møte, så gjaldt det også i like stor grad den endelege utforminga av benkar og stolar i kyrkjerommet. Dette vart utført av designfirmaet Asbjørnsen og Lade A/S, der produktutviklar Arve Grønmo sto for gjennomføringa av prototypar og produksjonsledelsen. Der var mange omsyn å ta. Inventaret måtte få ei form som skulle tene både bygget og bruken, og som kunne «stå» over tid. Kyrkjerommet si sirkelform med altaret i sentrum, vart basisen for interiørarkitektane sitt arbeid. Benkane vart som «ringar i vatnet», med alteret som utgangspunkt. Dei ynskte å «binde» sitjeplassane til bygget, for slik å få ro i kyrkjerommet. Dette var også i tråd med arkitekten sine tankar. Derfor vart det benkar i midtpartiet og stolar på sidefløyane for å få meir fleksibilitet der. Ein oppnådde heilskap ved å skape nøyaktig same form på stolane og benkane, -og lik dimensjon og farge.  Eik vart treverket ein valde - ein varig tresort som toler lang tids bruk og berre blir vakrare over tid. Materialet er i samsvar med den øvrige treinnreiinga og arkitektens kraftfulle formgiving.

 

Størstedelen av interiøret er laga gjennom dugnad av kyndige snikkarar i Sykkylven. Dette gjaldt orgelhuset, gallerifronten, altarringen, lesepulten, bokbrettet, talarstolen og kyrkjebenkane/stolane. Mange eldre snikkarar med Haldor Vik og Arve Grønmo som dei faglege leiarar, arbeidde på prosjektet i fleire månadar. Dei fekk halde til i den nedlagde Brødrene Hole Møbelfabrikk i Velledalen, og hadde som regel 8-10 timars arbeidsdagar. I februar 1990 kunne orgelhuset køyrast i smådelar til Marcussen Orgelfabrikk i Abenraa i Danmark. Etter 3000 dugnadstimar, i april 1990,- var orgelet kome på plass. Det var første gongen at orgelfabrikken i Danmark sette bort deler av arbeidet på denne måten. Dei danske orgelbyggjarane rosa innsatsen til dei frivillige i Sykkylven og ga arbeidet karakteren «meget, meget bra».


Foto: Hallvard Sandvik

Brudestolane i koret, nattverdsborda og blomsterborda er teikna av Ingmar og Knut Relling. Dei er formgitt slik at dei dannar ein heilskap med dei øvrige elementa i alterpartiet ,- men er likevel saman med knefallet individuelle deler i kyrkja sitt mest sentrale punkt.

 

«Saman om kyrkja» var mottoet då bygginga tok til. Og jammen viste det seg at dette vart meir enn ein tom talemåte. Tusenvis av dugnadstimar gjekk med på alle kantar for å gi bygda ei ny kyrkje. På alle plan stod folk på. Nokon snekra, andre måla, og nokon arbeidde for å skaffe inntekter gjennom ulike arrangement.

 

Det som står att i minnet til oss som var så heldige å få vere med i plan- og byggenemnda for den nye kyrkja, er det gode samarbeidet mellom alle partar som var med å fullføre bygget til vigslingsdagen. Dette gjeld alle, frå dei som drog streken opp for både eksteriør og interiør, konsulentar, byggeleiar, entreprenørar, frivillige fagfolk som la ned utallege dugnadstimar, og alle verksemdene i kommunen som ytte ein stor innsats. Det var imponerande å vere vitne til den givarglede det var frå alle kantar.

Vi visste at vi hadde fått vore med på noko stort. Sykkylven hadde fått ei kyrkje som vart lagt merke til både her til lands og også utanom landet sine grenser. Det er høgt under taket i kyrkjerommet, og det er ein lav dørstokk ved inngangen.

Og vi fekk vere med på eit unikt samspel som resulterte i den særprega nye Sykkylven kyrkje.

Høgreist og monumental ragar vår nye kyrkje som eit landemerke.

Soknepresten vår då, Per Inge Haugen, var eit sentralt bindeledd mellom kyrkja, arkitekten og kunstnarane. Han sa det slik:

«Men vi ynskjer oss ikkje berre eit vakkert hus. Vi ynskjer oss eit innhald i huset som gir retning og mål. Der inne vil menneske få kjenning av land og heim. Døypefonten minner oss om vårt borgarskap i himmelriket. Alteret minner om bordfellesskapet med Gud og menneske, preikestolen om det frelsande Ordet. Kyrkja ligg der som eit landemerke for menneske undervegs. Kyrkjebygget minner oss om skaparverket som strekkjer seg mot himmelen. Sjølv kan vi ikkje nå opp,- difor er himmelen komen til oss.»


Foto: Hallvard Sandvik

 

Ført i penn av Toril L. Nerland (tidlegare kyrkjeverje i Sykkylven)

Dette i tett samråd med Kårstein Blindheim, Svein Asbjørnsen og Karl Ramstad