Dugnad ved Sykkylven kyrkje
 

04.05.2015

Tusen takk til Sykkylven Rotary Klubb for nok eit år med dugnadshjelp!
"For sjette år på rad - minst" i følgje Rotarymedlem Olav Pileberg.


Onsdag 29. april var det dugnad i kyrkjeparken, ved hovudinngangen og kapellinngangen.
Dette er ein årleg dugnad som Sykkylven Rotary Klubb ønskjer å gi til kyrkja og bygda.
Vi, kyrkja, vil med dette få rette ein stor takk for fokuset de har på kyrkja, for det positive
samfunnsansvaret de viser, for det arbeidet de la ned denne ettermiddagen, og at de er
med på å "pleie" dugnadsånda i bygda.

Her kan du lese artikkelen som Olav Pileberg har lagt ut på Sykkylven Rotary Klubb si
heimeside: Artikkel av Olav Pileberg (SRK)