Orgelkonsert med Bjørn F. Boysen
 

03.09.2015

25. september kl. 18:30 i Sykkylven kyrkje.
Gratis inngang. Kollekt ved utgangen. Kaffe og kaker.

SYKKYLVEN KYRKJE 
FREDAG 25.SEPTEMBER 2015 KL.18:30


 
PROGRAM:

Johann Seb. Bach (1685-1750)
Toccata og fuge F-dur - BWV 540
 
Triosonate nr. 5 C-dur - BWV 529
Allegro
Largo
Allegro
 
Fra Orgelbüchlein
Herr Gott, nun schleuß den Himmel auf - BWV 617
 
Ludwig van Beethoven (1770-1827)
Adagio
 
Louis James Alfred Lefébure-Wély (1817-1869)
Sortie B-dur
 
Cesar Franck (1822-1890)
Andantino
 
Felix Mendelssohn (1809-1847)
Sonate nr 5 D-dur
Koral
Andante con moto
Allegro maestoso

________________________________________________________
 
Bjørn f. Boysen spelar musikk av m.a. Bach, Cecar Franck og mendelssohn
Gratis inngang. Kollekt ved utgangen. Kaffe og kaker.
 
Fredag 25. september er det orgelkonsert i Sykkylven kyrkje med professor Bjørn F. Boysen.
Han vil spele musikk av J.S. Bach, Beethoven, Lefèbure-Wèly, Cesar Franck og Mendelssohn.  
Bjørn F. Boysen er født i Oslo i 1943. Som 14-åring byrja  han sine orgelstudier med domorganist
Arild Sandvold i Oslo, eit elev¬forhold som varte fram til debuten i 1966. Seinare fulgte studier
med Finn Viderø i København. 
 
Bjørn F. Boysen har gjennom heile sitt yrkesliv vore lærar i orgelspel. Først frå 1966 ved
'Musikkonservatoriet i Oslo, deretter ved Norges musikkhøgskule frå denne blei grunnlagd  i
1973 og fram til han blei pensjonist i 2014. Frå 1995 var han også  professor i orgelspel. I åtte år,
frå 1991 til 1998, var Bjørn F. Boysen Musikkhøgskulen sin  rektor. Mange av dagens norske
organistar har hatt han som lærar, m.a. domorganistane  Kåre Nordstoga og Bjørn Andor Drage.
Også eg var so heldig å få gå med han då eg gjekk ved Musikkhøgskulen, og eg har lenge håpt
på å få han hit til Sykkylven ein gong. 
 
Bjørn F. Boysen blir rekna som ein av Norges fremste konsertorganistar. Hans konsertverksemd
har brakt han til store delar av Norge, og til mange europeiske land. Han har bak seg ei rekke
plate- og CD-innspelingar, og han har ved mange høve opptredd i radio og fjernsyn. 
 
Bjørn F. Boysen er dessutan organist ved Oslo Konserthus, og har der ansvar for eit av landets
største orgel. Ved sida av sitt virke som utøvar og pedagog, har han gjort seg merka som ekspert
i orgelspørsmål. Han blir mykje nytta som orgelsakkyndig.
 
Det er ein stor dag for oss at vi får denne «levande legenda» hit til Sykkylven. Han gler seg til å
spele for oss, og vi kan gle oss til eit historisk møte med ein stor organist. Etter konserten blir det
kaffe og kaker, og tid for å prate med kvarandre og med Bjørn F. Boysen. Han startar sin
Sunnmørs-turne i Ålesund kyrkje søndag 20.sept. Tysdag 22. spelar han i Ytre Herøy, og torsdag
24. i Norddal, før han avsluttar hos oss i Sykkylven som ein del av kyrkjemessa vår, fredag 25.sept.  

Alle er velkomne!
 
Innsendt av Rose Iren Stave