Utsending til teneste for Sjømannkyrkja
 

17.09.2015

Marit og Arne Bakkedal skal til Sjømannskyrkja i Alanya, Tyrkia.


Marit og Arne har vore engasjert i Sjømannskyrkja i ei årrekke. Dei har vore engasjerte i det lokale kyrkjelydsarbeidet også.
Dei er dei «fødte» kyrkjevertane som har evna til å få folk til å kjenna seg velkomne.
No vonar vi at dei tek med denne nådegåva til Alanya og skapar ein «heim» i kyrkja for Nordmenn i Tyrkia.


Helene Møgster, konsulent Norgesarbeidet, kom frå Bergen for å vere med på utsendingsgudstenesta.

f.v. Marit og Arne Bakkedal, Helene Møgster
Foto: Arild Sporsheim

Svein Erik Kampenes, soknerådsleiar, kom med helsing.
Han oppmoda m.a. kyrkjelyden til å be for Marit og Arne, og den tenesta dei skal gå inn i.




Forbøn for Marit og Arne.


Etter gudstenesta var det som vanleg kyrkjekaffi i kyrkjekjellaren.
Det var kjøpt inn ei stor marsipankake i anledning utsendinga.