Søndagsskulen
 

06.05.2013

Søndagsskulen i Ikornnes og Sykkylven

Hei!

Det er søndagsskule kvar søndag kl.11:00 i Sykkylven kyrkje.
Alle møter oppe i kyrkja, så borna startar i lag med dei vaksne.
Etterpå går borna til eige opplegg: 

3. klasse og oppover: Maxigjengen i aktivitetsrommet nede.

4 år- 2. klasse: Jungelgjengen nede i kyrkjestova. Jungelgjengen er ikkje kjedelig! Vi får høre spennande bibelhistorier, både fortalt, med drama eller animasjon. Det er ein kreativ aktivitet til slutt, og borna kan lagar mykje fint!

0-3 år: Minigjengen i kyrkjesal 1. Følg med i kalenderen på nettsida, her er det markert alle gongane vi har minigjengen- nesten kvar søndag. Opplegget er tilpassa dei små: vi leitar etter ein sau og har mykje leiking.

Kontaktperson minigjengen og maxigjengen: Anna Myklebust 41 00 90 87
Kontaktperson jungelgjengen: Grete Sporsheim 95 87 46 47

Velkomen!

 

Hei,

Annankvar søndag kl. 18:00 er alle, i alle aldrar, velkomne til Gospelklubb i Ikornnes kyrkje. Vi syng mykje, høyrer Bibelforteljingar og avsluttar med kveldsmat kl. 19:00.
Vi syng i gudstenester og andre arrangement. Ikornnes søndagsskule er lagt inn i Gospelklubben.

Kontaktperson: Ellen Brautaset Vatne 480 65 488

Du er hjarteleg velkomen!!!