Onsdagsmiddag
 

06.05.2013

Annankvar onsdag (i partalsveker) frå kl. 16:15-17.00 kan ein få ein god middag i kyrkjestova i Sykkylven kyrkje. Det kostar 50 kr pr vaksen, 30 kr for barn og familiepris er max 120 kr. Maten blir tilberedt av frivillige, med ein ansvarleg kokk i bakhand. 

Dette er eit tilbod for å hjelpe familiar og andre som ønskjer å få seg eit godt og sosialt måltid. Det er for alle, også for dei som skal til kor og småbornssang etterpå. Å ete ilag har stor verdi, og maten er norsk kvardagskost, tilpassa born. Det er også ein kopp kaffe inkludert i prisen. 

Påmelding til:

Facebooksida vår "Kyrkjene i Sykkylven" oppretter arrangement. Meld deg på der tirsdag før kl 14. Skriv kommentar om antal born/vaksne- og eventuelle allergiar (vi tilpassar). Det går også an å melde seg på til kyrkjekontoret på tlf 70 24 69 00 før kl 14.00 tirsdag.