Palmesøndag
 

04.04.2016

Gudsteneste, søndagsskule, kyrkjekaffi og aktivitetar. :-)

Søndag er gudstenestedag, og på Palmesøndag var det mange, både små og store, som var i Sykkylven kyrkje for å feire fellesskap med Gud og kvarandre.

Lik dei andre søndagane var det søndagsskule for borna. Etter ei felles samling i gudstenesta på ca. 15 min. gjekk alle borna til søndagsskule i kyrkjekjellaren. Det var Liv Fauske som leia søndagsskulen, og denne søndagen var det felles opplegg for alle borna. Til vanleg er søndagsskulen delt opp i 3 aldersgrupper; Minigjeng (0-3år), Jungelgjeng (4-7år) og Maxigjeng (8+).

Credo Brass og Credo Vokal var med å bidrog til at det vart ei stemningsfull og oppbyggjande gudsteneste.

 

Alterbordet var dekka til nattverd, og pynta med nydelege påskeliljer.

 

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi og aktivitetar.






Erlend Lunde i duell med Tilman Elsãsser.