Kunstutstilling i Sykkylven kyrkje
 

17.06.2016

Kunst av Birger Tusvik (1917 - 1981).

Birger Tusvik var fødd år 1917 og yngst av 7 sysken frå Tusvik i Sykkylven.

Livet til Birger var mellom anna prega av stor kunstnarisk utfalding.
Dette kar kome Sykkylven til gode ved at kona til Birger, Sigrid Tusvik, i samband med vigslinga i 1990 gav 14 relieff i tre til å dekorere kapellet i Sykkylven kyrkje. I tillegg vil vi altså no få sjå meir av kunsten til Birger i form av ei ustilling i kapellet og i kapellgangen i Sykkylven kyrkje. Det er sonen Kjell Tusvik, og kona Eli, som har kome med tilbod/ønskje om å "gi" dette til bygda.

Opninga av utstillinga vil skje i samband med sommarkonserten på tysdag 21. juni kl. 19:00.

OPNINGSTID:
- Alle kvardagar frå kl. 10:00-14:00 (inngang via hovudinngangen)
- I samband med gudstenester