Onsdagar i Sykkylven kyrkje
 

15.08.2018

Velkommen innom kyrkja på onsdagar! 

Det blir sang i Sykkylven kyrkje på onsdagar, med tilbud heilt frå 0 år til ungdom! Vi vil gjerne ha med nye medlemmar i både barne og ungdomskora: Barnekoret Super, Barnegospel, Kor Kjekt og BlesSing! Velkomen viss du likar å synge, det er både for gutar og jenter. Småbarnssang blir same onsdag som det er middag i kyrkja. 

Det blir onsdagsmiddag annakvar onsdag- i partalsvekene. Her er alle velkomne- både barnefamiliar og elles alle som kan tenke seg å ete i lag med andre! Gi beskjed om du har allergiar, så vil vi tilpasse til det. Middagstilbudet er ikkje berre for dei som går i kor, men eit tilbud til alle om å kjøpe seg middag for born 30kr, vaksen 50kr og familie 150kr. Bli med på eit sosialt og godt måltid før ein skal vidare.

Det er to måtar å melde seg på: 
1 ) Påmelding til kyrkjekontoret innan tirsdag før kl 14:00, tlf 70 24 69 00.
2 ) Klikk delta på Kyrkjene i Sykkylven sitt arrangement "Onsdagsmiddag" innan tirsdag før kl 16. Husk å skrive i kommentarfeltet dersom du melder på fleire enn deg sjølv- skriv antal vaksne/ barn.