Bispevisitas i 2017
 

01.03.2017

Visitasmelding og visitasforedrag

Biskop Ingeborg Midttømme fekk vere med på mange fine møtepunkt i løpet av veka ho, og hennar følgje, var her.

Tysdag 7. februar starta visitasen med morgonbøn i kapellet med påfølgjande møte med dei tilsette, samt leiarane i sokneråda og fellesrådet. Så har det gått steg for steg med andakt på BUAS, bedriftsbesøk på Møre Trafo, besøk hjå Sykkylven speidargruppe, møte med sokneråda og fellesrådet, møte med elevane på Sykkylven ungdomsskulen, skulegudsteneste for barneskulane i Sykkylven (i Sykkylven kyrkje), lunsj og påfølgjande møte med ordføraren m/følgje, onsdagsmiddag, gudsteneste for små og store i Sykkylven kyrkje, samla medarbeidarfest for begge kyrkjelydane, skulegudsteneste for barneskulane (Hundeidvik, Tandstad og Sørestranda skule) i Ikornnes kyrkje, fagmøte med staben, møte med tilsette i skule og barnehage (på Kulturhuset), middag og møte med Den katolske kyrkja og Den eritreisk ortodokse kyrkja (kyrkjesamfunn som leiger kyrkjene), og møte med representantar for Indremisjonen, NLM, Bedehusforsamlinga og Hundeidvik bedehus. Alt dette i løpet av dagane tysdag, onsdag og torsdag.
Søndag 12. februar kl. 11:00 var det visitasgudsteneste i Ikornnes kyrkje med påfølgjande kyrkjekaffi og visitasmøte kor biskopen las visitasforedraget ho har skreve.
I det vidare vil sokneråda arbeide med dei ulike erfaringane og utfordringane vi sit igjen med etter desse visitasdagane og frå visitasforedraget.


Trykk her for å lese visitasforedraget.

Trykk her for å lese visitasmeldinga.

 

STOR takk til alle som på ulike måtar bidrog til at dette vart til minnerike, lærerike og kjekke visitasdagar!


 

_______________________________

 

 

Formålet med bispevisitasen er å støtte, inspirere, vegleie kyrkjelydar og tilsette,
og gjere kyrkja sitt nærvær synleg i samfunnet.  

Førre gong det var visitas hjå oss var i 2009. Då også av biskop Ingeborg Midttømme.