Klokkeorkester frå USA i gudstenesta vår!
 

27.06.2017

Klokkeorkester frå USA i gudstenesta

Gudstenesta i Sykkylven kyrkje søndag 25.juni fikk eit heilt spesielt besøk:

Pine Tree Academy Bell Ringers er 11 unge klokkemusikarar frå Maine i USA.

Orkesteret var på turnè i Norge, og kom til Sykkylven direkte frå Trondheim. Der hadde dei konsert i Vår Frues kirke laurdag den. 24. juni. Søndag 25. spelte dei altså i gudstenesta vår kl.11. Etterpå køyrde dei over fjellet til Stranda for å halde konsert i Stranda kyrkje. Etter dette gjekk vegen vidare til Oslo på mandagen.

Stor takk til Pine Tree Academy Bell Ringers for at de kom og delte denne unike musikken med oss!