Familie-leir på Fjellsetra
 

14.08.2018

Bli med på familie-leir på Fjellsetra 26.-28. oktober!

 

Bli med på leir! Det blir familie-leir på Fjellseter ungdomssenter siste helga i oktober, i samarbeid med kyrkjene i Sykkylven. Dette blir ein ”lavterskel-leir” for små og store familiar med barn. For info om plassen sjå: http://www.fjellseterungdomssenter.com/startside

Vi held på med leiking og moro, til dømes orienteringsløp og kanopadling Det blir ei kjekk helg for både store og små! Det blir nokre samlingar i løpet av helga, og ikkje minst satsar vi på fleire kaffi og tekoppar i godt selskap for dei vaksne.

Etterkvart som folk melder seg på, vil vi lage ei facebook-gruppe der vi planlegger litt vidare. For informasjon og påmelding kontakt. Påmeldinga startar i september.

For meir informasjon eller spørsmål, ta kontakt med trusopplærar Anna; trusopplaerar@sykkylven.kyrkja.no