Innsetting av ny sokneprest
 

13.07.2017

20. august kl. 11:00 i Sykkylven kyrkje.


Søndag 20. august, i Sykkylven kyrkje, blir Simen Elias Nordbrønn Myklebust innsett som ny sokneprest i Sykkylven sokn.

Prost, Svein Runde, leier første del av gudstenesta før Simen Myklebust tek over gudstenesta som ny sokneprest i Sykkylven sokn. Etter gudstenesta blir dette mellom anna markert med stor marsipankake og andre kaker under kyrkjekaffien. Vi håper mange tek del for å ta imot Simen og Andrea (kona).

PS: Søndag etterpå (27.08.) blir Simen "innsett" i Ikornnes kyrkje.

 

 


Simen og Andrea Nordbrønn Myklebust

Simen Elias Nordbrønn Myklebust tek til som sokneprest i Sykkylven medio august 2017.
Vær med å be for han og kona, Andrea.

 

Biletet nedanfor er frå ordinasjonen av Simen Elias Nordbrønn Myklebust (t.v.) og Lars Lauvvik Ørland (t.h.).
Dei vart ordinert av Stavanger sin nye biskop, Ivar Braut, i Stavanger Domkirke den 18. juli 2017.
Simen er frå Brattvåg i Møre og Romsdal og Lars er frå Tananger I Rogaland.



Simen Elias Nordbrønn Myklebust  tek til som sokneprest i Sykkylven og Lars Lauvvik Ørland har starta i teneste i Agder, som sokneprest i Holt og ungdomsprest i Holt, Dypvåg og Tvedestrand.