Konfirmantåret er godt i gang!
 

21.09.2017

For ein gjeng med kjekke konfirmantar vi har i år! 

Vi starta konfirmantåret med weekend på Fjellsetra og det var to kjekke leirer. Som ungdomsarbeidar er det noko med det å kunne møte konfirmantane fleire dager på rad når vi møtes for første gong. Det er der dei nye relasjonane startar mellom konfirmantene og mellom alle leiarane og konfirmantane. På leir hadde vi undervisning og fleire kjekke aktivitetar.

Vi har også komt godt i gong med nettkonfirmant-oppgåvene dei må svare på i løpet av konfirmantåret. Her svarar dei på ulike tema om livet og trua; veldig spennande! 

Det neste som skjer er konfirmantlaurdag i oktober. Ein laurdag fylt med god undervisning, gruppeoppgaver, varm lunsj og kjekke aktivitetar. Dei tidlegare åra har aktivtetane vore alt frå matlaging, fisking, foto, bogeskyting og kunst. Aktivitetane for dette konfirmantåret er ikkje heilt klare enda, men eg veit det blir fleire kjekke ting som konfirmantane kan melde seg på. Dei melder seg på ein aktivtet som dei skal vere med på konfirmantlaurdagane.

Eg ser fram i mot eit år med god undervisning, nye relasjonar og vennskap og ikkje minst eit år der konfirmantane skal få utforske og stille spørsmål om livet, trua og tvilen.

Ver gjerne med å be for konfirmantane og konfirmantarbeidet!