Kjekk Kyrkjemesse!
 

22.09.2017

Stor takk til alle som var med på desse festdagane!

PS: Vinnarane på bøkene og Kyrkjelotteriet 2017 står oppført nederst i denne artikkelen.

Fredagen fikk vi unikt besøk av den landskjende visesongaren, diktaren, kåsøren, uredde debattanten og poliktikaren, Marie Lovise Widnes. Ho kjem frå Sylte i Vanylven, men bur no på Hareid.
Nyleg gav ho ut ei bok med dei mest kjende dikta og kåseria sine.
Ein av dei mest kjende songane, som slo gjennom på 1950-talet, er "Gangdøra".

Vidare utover fredagen var det intervju med nyepresten, Simen Myklebust.
Også i år fikk vi gleda av å sjå og høyre seniordansarene, som jubilerer i år.

Vi fikk også eit gjensyn, og gjenhøyr, med den vakre gamlekyrkja vår. Torbjørn Støylen hadde budd seg godt og viste bileter som er tatt både avFotograf Lyshol og andre. Vi fikk også sjå nokre gjenstandar som vart redda ut frå kyrkjebrannen.

Det var åresal, rømmegraut og kaffe og godkaker gjennom heile dagen.
Fredagen vart leia av Bjørg Grebstad og Arild Sporheim.

Dagen vart avslutta oppe i kyrkjerommet med ein kort og uhøgtidleg konsert med både gammal og ny musikk. Kantor i Ålesund kyrkje, Nikolas Fehr, vil spele orgel, trekkspel og bandoneon. Bandoneon er eit lite tangotrekkspel frå Argentina. Han vil også akkompagnere den unge, dyktige fløytisten vår, Nynke Spoelstra. Rose Iren Stave vil spele på det nydelege Cembaloet vi har fått i kyrkja.

Laurdag var ein dag med alle barnekora i bygda. Særleg stas var det at Jubasong kom på besøk. Og også Jippikoret frå Ikornnes, KorKjekt, Barnekoret Super og Barnegospel. Det var tilbod om hårfletting og ansiktsmaling. Kl.14 vart det trylling med tryllekunstnarane Torgeir og Frank. 
Laurdagen vart leia av May Lisbet Hovlid Aurdal og Jakob Lunde.

May Lisbeth Hovlid Aurdal avslutta Kyrkjemessa 2017 med å takke alle som på ein eller annan måte har engasjert seg i og for denne messa. På bildet ser vi nokre av damene i kyrkjemessetyret, som fikk ein ein ekstra takk for innsatsen. Heile styret for 2017 bestod av Margit Aure Overå, Bente Skjeret-Tynes, 
Lisbeth Strømme, Tove Aarsnes Skauvik, Liv Nordli Hole, Lillian Klock Urtegård, Agnes Hjorthol, 
Bjørg Djupvik Grebstad, Kariann Hjelle Sandvik og Elise Ullavik.
 

Søndag var ungdomskoret BlesSing med i gudstenesta. Dirigenten deira er ungdomsarbeidar Katrine Numme. Etter gudstenesta var det flott kyrkjekaffi med kakerestar frå kyrkjemessa.

Tusen takk til alle som har bidratt med gevinstar og anna både før og under messedagane!
Resultatmessig endte Kyrkjemessa 2017 opp med omlag kr. 140.000,- til barne- og ungdomsarbeidet i kyrkja.

___________________

VINNARANE PÅ LODDBØKENE OG KYRKJELOTTERIET 2017
GRATULERER! :-)

LODDBØKENE:
1. Brodert herrebunadselar - Britt Janne Aune
2. Høie sengeputer (2stk.) - Torill Bjørnevik
3. Gåvekort Salong Relax - Oddlaug Haugseth
4. Gradestokk "Sykkylvsuttrykk" - Liv Randi Bjørlykke
5. IMG stol - Matias Å. Strømme
6. Gåvekort Go Foten - Monica Urke
7. Hodetelefoner - Fam. Gunnar Kjersheim 
8. Brodert kaffiduk - Ingebjørg Nilsen
9. Sjakk - Noralf Vedvik
10. Sølvsmykke m/skjerf - Torbjørn Olason
11. Gåvekort Verkstaden Bistro - Greta Overå
12. Liten reisekoffert - Kristin Strømme
13. Dukke m/garderobe - Kari Remvik
14. Gåvekort E Frisør - Annlaug Stavik
15. Skrin "Min første hårlokk" - Marie og Ole Klokkehaug
16. Smykkeskrin - Reidun Tynes
17. Taklampe barnerom - Julianne Grebstad
18. Gåvekort Hair Street - Inger Myklebust
19. Strikka damejakke - Erlend Lunde
20. Sødahl sengesett - Astri S. Klokk

KYRKJELOTTERIET 2017 

1. XEED FAT TUBBY - Berit Rønstad
2. XEED XC DAME - Aksel og Hogne Brekke
3. XEED PIKE 20" - Hanne Setsaas
4. XEED GUTT 20" - Joakim Lucas Øye Hole