Jubileumsbok
 

18.10.2017

Ikornnes kyrkje i 40 år.

Den 22. januar 2018 er det førti år sidan Ikornnes kyrkje vart vigsla.
Dette er så lang tid at saker er komne på avstand, men samstundes ikkje lengre unna 
enn at folk kan fortelje.

Ikornnes sokneråd og folket på Sørestranda vil markere jubileet med eit festskrift.
Dette skriftet handlar om Ikornnes kyrkje både i trang og vid meining.
Det dreiar seg om sjølve kyrkjebygget, og like mykje om livet til menneska i
grender på Sunnmøre. Historie, lokalhistorie, religion og jamvel filosofi er vi innom.
Takk til alle som har hjelpt til med å gjere boka mogleg.
Ei særleg takk til borna i Ikornnes sokn som har laga så mange flotte teikningar!

 

Dette festskriftskriftet (boka) kan ein få kjøpt på kyrkjekontoret på Aure eller ved å ta kontakt med 
Irene Hørte Høibakk (tlf.: 411 44 123), Oddveig Stave Moe (tlf.: 915 64 596) eller Per Blakstad (tlf.: 926 44 124). Eller nokon av dei andre i Ikornnes sokneråd: Trykk her!

Jubileumsboka er trykt opp i 300 eksemplar og kostar kr. 200,- pr. stk.