Tysdagstreff
 

15.12.2017

i Ikornnes kyrkje, kyrkjestova.

Annakvar tysdag frå kl. 10-14:00 er det tysdagstreff i Ikornnes kyrkje, kyrkjestova.
Her er alle velkomne!


Siste gongen før jul var over femti høgtidskledde og feststemde personar til stades. Inger og Johan Grytten frå Frelsesarmeen i Ålesund var spesielt inviterte. Dei song, spela, las dikt, spøka - og fortalde om laust og fast. Særleg interessant var det vi fekk vite om innsatsen til Frelsesarmeen i Moldova, landet med 3,5 millionar innbyggjarar som ligg inneklemt mellom Romania og Ukraina, og som er det fattigaste landet i Europa. 

Inger Grytten

Johan Grytten

I pausen vart det servert god julemat av alle slag - med dessert og kaffi etterpå.