Orgelklubb
 

08.01.2018

Ny orgelklubbhelg blir 6.-8.april i Ålesund kyrkje og Stranda kyrkje.

Ny samling i orgelklubben! Denne gong blir 6.-8.april i Ålesund og Stranda, og gjesteinstruktør blir sjølvaste Bjørn Vidar Ulvedalen! Han har bygd opp orgelskule og laga eit flott læreverk i orgelspel for born og unge.

Vi har framleis nokre ledige plassar i klubben. Interesserte kan kontakte Rose Iren på tlf 91510045.

Kantor Gunnar Inge Eide og Rose Iren Stave har i samarbeid med Ung Kirkesang starta Orgelklubben i Møre.

Dette er ein samlingsbasert orgelklubb for ungdom og born frå 5.klasse og oppover som er interessert i å lære å spele orgel.

Første samling var 12.-14.januar i Ikornnes og Sykkylven kyrkjer. Orgelklubbdeltakarane var med som organistar under gudstenesta i Ikornnes kyrkje søndag kl.11, under leiing av Gunnar Inge Eide.

Gjesteinstruktør denne første samlinga var kantor Olav Arne Steinkopf.