Dirigentkurs i Sykkylven
 

19.01.2018

Nytt dirigentkurs for unge blir i Molde domkyrkje 24.-26.august 2018

Bildet er frå kurshelga i Sykkylven 12.-14.januar 2018.

34 born og unge var saman på dirigentkurs for å lære dirigering, notelære, songleik og stemmebruk. Deltakarane kom frå Sykkylven, Ikornnes, Nordmøre, Romsdal, Stavanger og Kristiansand. Under gudstenesta søndag song dei som kor, og alle dirigerte litt kvar. Hovedinstruktør under kurset var Tone Synnøve Steinkopf, som er domkantor i Molde. Det er organisasjonen Ung Kirkesang som har utarbeidd dirigentopplæringa, og som arrangerer slike kurs rundtom i landet. 

Borna, ungdommane og dei vaksne som var med fekk lære mykje, bli kjend med mange nye, og ha ei inspirerande og kjekk helg ilag.


Alle bilde: Katrine Numme
Ungdomsarbeidar Katrine tok med dei langvegsfarande dirigentane på sightseeing før flyet gjekk.