Jubileumsfeiring på Ikornnes
 

06.02.2018

9.-11. febr. var det Kyrkjedagar og jubileumsfeiring.

Det var mange som besøkte Ikornnes kyrkje desse festdagane!

Det starta med «Tysdagstreff» på fredagen der Per Inge Haugen var invitert og born frå Sørestranda skule.
Vidare var det storslått Country & gospel-konsert med «Jon Reidar´s» kl. 1900 og utover. Etter konserten var det kveldsmat og åresal.

På laurdag var det tradisjon tru ein familiedag for liten og stor med graut, kaker, tombola og åresalg.
Av song og musikk var Jippikoret der, samt ulike korpssolistar. 

På søndagen var det ei flott jubileumsgudsteneste i nesten fullsatt kyrkje. Prosten, Svein Runde, var med.
Det same var både sokneprestane Erlend Lunde og Simen Myklebust. Stor takk til Jippikoret og Credo Brass
som var medvirkande til at dette vart ei fin stund saman.
Etter gudstenesta var det stor kyrkjekaffi med flotte jubileumskaker og jubileumshelsingar.

.


 

--------------------
 

22. januar 2018 var det 40 år sidan vigslinga av Ikornnes kyrkje.

"Dette er så lang tid at saker er komne på avstad, men samstundes ikkje lenger unna enn at folk kan fortelje." kan vi lese av føreorda i den nyskrevne jubileumsboka.
Interessert i å kjøpe dette festskriftet? TRYKK HER!

 

Den store markeringa av dette var altså lagt til Kyrkjedagane 9.-11. februar med ei høgtidsgudsteneste den 11. februar. 
Denne søndagen var det ikkje gudsteneste i Sykkylven kyrkje slik at også "Auringane" skulle få ta del i den store feiringa.

 

 

Det var i alt 8 prestar til stades på vigslingsdagen 22. januar 1978.
I spissen for desse var biskop Thor With, prost Lauritc Nielsen og sokneprest John Nergaard Flacké i Sykkylven som vertskap.