Godheitsveka Sykkylven
 

20.04.2018

Glede andre

23. - 29. april er det Godheitsveka Sykkylven.

* Ei veke med særleg fokus på å glede andre
* Ei veke i året der vi står saman om å spreie godheit


GODHEIT HEILE ÅRET
Det er svært mykje godheit som kjem til uttrykk i Sykkylven gjennom eit år, så det er ikkje slik
at det å vise godheit mot andre er noko nytt. Målet med ei godheitsveke er å sette søkelyset på 
at det å sjå og glede andre er så viktig at Sykkylven set av ei heil veke til å fokusere på dei positive
ringverknadane av godheit. Gjennom dette håper ein å inspirere og stimulere til at det vert skapt meir 
godheit i Sykkylven gjennom året. Godheit gjer godt både får den som får og får den som gir.


DETTE ER VI SAMAN OM
På tvers av religion, krins, lag og organisasjonar står vi (alle i Sykkylven) saman om å sette fokus på å
glede andre og spreie godheit. Kanskje kan DU som les dette gå saman med nokon andre for å idémyldre
og saman gjere noko godt for andre. Håpet er at summen av alle bidraga skal utgjere ein forskjell for oss i Sykkylven og at dette kan gi ringverknadar utover kommunegrensa. Kva anna kommune kan vise til ei slik godheitsveke i Norge? 
 

FACEBOOK-SIDE
Det er oppretta ei eiga faccebook-side kor ein kan legge ut bilder og omtale om dei ulike bidraga denne veka.
https://www.facebook.com/godheitsvekasykkylven/