Bønnehalvtimen
 

30.04.2018

Bli med å be! I mai og juni blir det bønnesamling frå 8.30 til kl 09.00 i kapellet i Sykkylven kyrkje, mandag, onsdag og torsdagar. 

Det blir bønn ved hjelp av ein enkel liturgi, og vi les noko frå bibelen og ber også stille. Håper du vil vere med og be, for deg sjølv, din familie, bygda vår, kyrkjene i Sykkylven og Norge, og for folk i andre land. Det blir Anna Myklebust som er leiar, og som gjerne vil at andre som har tid og mulighet blir med. Kapelldøra blir åpna kl 8.25.

"Be, så skal de få. Leit så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk"  Matteus 7,7