Flott gudsteneste
 

29.05.2018

Med mykje gospel.

Sist søndag var gudstenesta prega av gospel- og lovsongar.

Sykkylven Gospelkor var med og dei både gav oss songframføringar og leia allsongen.
Koret vart leia av dirigent Turid Skjelten saman med organist og pianist Margareth S.V. Haugland,
Sondre Utgård på trommer/slagverk og Sveinung Utgård på bassgitar.

 

Det var sokneprest Simen Elias N. Myklebust som forretta gudstenesta og han heldt ei preika/tale frå Lukas 10 vers 17-24. Denne kan du høyre ved å trykke her.