Orgelkonsert
 

15.06.2018

Orgelkonsert tirsdag 19. juni kl.19:00

Tirsdag er det klart for orgelkonsert i Sykkylven kyrkje. Domorganist i Stavanger, Ivan Sarajishvili, er på turnè i området, med konsertar i Geiranger, Hellesylt, Borgund og her. Her i Sykkylven vil han spele både orgel og cembalo. Publikum er velkomne opp på galleriet første del av konserten. Der får vi bedre kjennskap til orgel og cembalo som instrument. Orgelklubben blir også med å spele, med Tora Overvoll, Eline Sandvik og Lasse Kvalsund Jarnes. Brødrene Lars Viljo og Bjarne Fauske spelar ein «springdans» på fele og gitar, saman med Rose Iren Stave på orgel. Etter ein liten halvtime blir det pause i konserten, slik at publikum kan gå ned i kyrkjerommet og høyre resten av orgelkonserten med Ivan Sarajishvili. Han vil spele musikk av m.a. Bach, Vivaldi og Schumann. Frukt, kake og kaffe etter konserten. Alle velkomne!