Oppussing av aktivitetsrommet
 

13.08.2018

Sjå kor fint det har blitt på aktivitetsrommet!

I ein lengre periode har vi snakka om å pusse opp aktivitetsrommet i kyrkjekjellaren. I sommar var det maledugnad med eit flott resultat! No ventar litt utsmykking og vi håper borna og ungdommane kjem til å trives. 

Rommet blir aktivt brukt av både born og unge i dei ulike aktivitetane som skjer i kyrkja, som til dømes Fredagsklubben og XLR8. Rommet er også i bruk under og etter gudstenestene i Sykkylven. Vi gleder oss til å ta rommet i bruk, og håper at born og unge vil ha det kjekt på aktivitetsrommet. 

Takk til dei som deltok i oppussingsdugnaden!