Gravferd
 

14.01.2014

Gravferd i Sykkylven

Kvart år vert det halde over 41000 gravferdsgudstenester i regi av Den norske kyrkje. Det omfattar ca. 94 prosent av alle døde. Kyrkjelydane i Den norske kyrkja er pålagt å ha tilsyn med gravplassane. I Sykkylven kommune har vi 1 gravplass - Sykkylven kyrkjegard. Avdøde personar som ved dødsfallet hadde bopel i kommunen har rett til fri grav. Dersom det blir gitt løyve til utanbygds gravferd genererar dette betaling for å dekke kostnadane ved dette. Trykk her for meir informasjon om dette: Sykkylven kyrkjegard. Kommunestyret er økonomisk ansvarleg for drifta av kyrkjegardane. Gravferd skal normalt haldast innan 10 virkedagar etter dødsfallet. Her er ei brosjyre om gravferd i Sykkylven

Gravferd frå kyrkja er ei gudstenesteleg handling som består av lesing frå Bibelen, bøn, salmar og ein kort tale. Ved grava finn jordpåkastinga stad. Presten kastar tre skuffer med jord på kista og seier: ”Av jord er du komen. Til jord skal du verta. Av jorda skal du igjen stå opp.” Sidan dette er ei gudsteneste, er det gitt klåre retningslinjer om kva som er tillete og ikkje, både frå Kyrkjemøtet og frå Prosten i Austre Sunnmøre Prosti. Kyrkjemøtet i 2002 vedtok ein ny gravferdsliturgi, den nye ordninga finn du her på nynorsk. Du kan også sjå lovene om gravferd i Norge i Gravferdslova av 1996.

I Sykkylven kyrkje vil ein presisere fylgjande omkring ordninga for gravferd på bakgrunn av det som er gjeldande reglar i gravferdsliturgien og etter presiseringar frå prosten i Austre Sunnmøre: 

1. Salmar i gravferd skal hentast frå Salmeboka, Salmer 97 eller Sangboken. Dersom det er snakk om andre salmar, må ein ta kontakt med presten som skal ha gravferda.
2. Opplesning av kransar/helsingar vert gjort berre frå dei næraste pårørande.
3. Minneord og helsingar frå andre enn dei næraste pårørande skal vere korte, maks 10-12 setningar. Vi viser til det prosten i Austre Sunnmøre skriv: "Erfaring viser at næraste familie ofte kan oppleve det som belastande når helsingane blir mange og til dels lange."
4. Det er høve til maks to solosongar/musikkinnslag i gravferda i tillegg til salmane. Dersom det er to solosongar/musikkinnslag, vil den eine erstatte preludium (eller postludium). 
5. På grava vert kista senka etter at presten har hatt jordfestinga. 

Første søndag etter gravferda vil vi minnes dei som er gått bort i gudstenesta. Pårørande er spesielt velkomen til denne gudstenesta.

Det er også jamnleg tilbod om sorg-grupper i regi av sjukehuspresten i Ålesund, ta kontakt med ein av prestane dersom du ynskjer å få vite meir om slike grupper.