Vigsel
 

14.01.2014

Velkommen til vigsel i Sykkylven!

Eit ekteskap vert inngått når ei kvinne og ein mann i nærvær av vitner gir kvarandre løfte om at dei vil leve saman i ekteskap, og når ein godkjent vigselsmann ærklærer at ekteskapet er offentleg gyldig. Vigsel kan skje både borgarleg og kyrkjeleg, juridisk sett er det ingen forskjell. Men ein kyrkjeleg vigsel har eit kristent perspektiv og er ei gudsteneste, der vi ber for brudeparet. Ektepar som er vigd borgarleg kan i ettertid velge å ha ei kyrkjeleg forbønshandling for ekteskapet.

Vigselsordninga: 
Det er no opna for at brudeparet sjølv kan vere meir med på utforminga av seremonien. Nokon frå brudefølget kan delta i tekstlesningar, og ein kan også legge inn i handlinga musikk, sang eller høgtlesning. Salmer og sanger må på forhånd godkjennes av forrettende prest, og det musikalske stoffet av kantor/organist. Her er brosjyre om vigsel i Sykkylven som oppsummerer litt både det praktiske og sjølve innhaldet. Vigselsbrosjyre 

Her er nokre av dei vala ein har for ordninga:


Prosesjonen
Skal brudeparet gå inn saman, eller skal bruda gå inn saman med ein representant for familien? Skal det vere med brudepiker og brudesveinar? Dersom det er ønskjeleg, kan brudeparet, éin av dei eller begge, trulovarane, representant(ar) for familiane, liturg (prest) gå inn i kyrkja i prosesjon.

Vigselsmarsj
Det er mange fine vigselsmarsjar å velje mellom.
Trykk her for å høyre starten på dei mest brukte.

Skriftlesningar
Ein kan velje mellom fleire bibeltekstar som det er gjort framlegg om. Bibeltekstane kan lesast av medlemmar av bryllupsfølgjet. Skal bror eller søster av brudeparet lese? Mor og/eller far? Trulovarane? Vener? Andre i familien? Eller vil brudeparet helst at presten skal lese?
Her er tekstane ein kan velje mellom.

Salmar
Brudeparet kan vere med på å velje salmane som skal syngjast under vigsla.
Døme på salmar som passar godt:
No takka alle Gud med hjarta, munn og hender, Norsk Salmebok 300/299
Lovsyng vår Herre, den mektige konge med ære, Norsk Salmebok 302/301
Alt står i Guds faderhånd, Norsk Salmebok 308
Himmelske Fader, herleg utan like, Norsk Salmebok 311
Kjærlighet fra Gud springer like ut, Norsk Salmebok 669
Herre over alle slekter, Norsk Salmebok 674
Vi rekker våre hender frem som tomme skåler, Norsk Salmebok 710
Guds godhet sang i sinnet, Salmer 1997 98
Å Gud, velsigna desse to som står for dine augo, Salmer 1997 273

Ekteskapsløfta
Ein kan velje mellom to måtar å avleggje ekteskapsløfta på. Den eine måten er at presten stiller to spørsmål til kvar av brudefolka, som dei svarar ja på. Den andre måten er at brudefolka sjølve seier fram ekteskapsløfta ved å gjenta dei etter presten: Eg tek deg NN til ektemake. Eg vil elska og æra deg, og vera trufast hos deg i gode og vonde dagar, til dess døden skil oss åt.

Overrekking av ringar
Dersom brudeparet vil, kan dei velje å gi kvarandre ringar under vigselshandlinga. Overrekkinga kan skje ved at ringane blir sette på etter at presten har sagt: Gje no kvarandre ringane, som de skal bera til teikn på løftet om truskap. Alternativt kan det skje ved at bruda og brudgommen i samband med overrekkinga av ringane sjølve
seier fram følgjande etter presten: NN, eg gjev deg denne ringen som eit teikn på løftet mitt om kjærleik og truskap. Kva for alternativ ønskjer brudeparet?

Forbøn for brudeparet
Brudeparet kjem fram til altarringen og knelar under forbøna. I tillegg til presten kan eventuelt også andre i følgjet delta i forbøna med handspålegging. Det er mogleg å velje mellom to ulike forbøner, og ein kan leggje til ei fritt formulert bøn som til dømes brudeparet sjølve har vore med på å utforme eller velje ut. Her kan
dei gi uttrykk for sine voner og tankar for livet som ligg framfor dei. Det er mogleg å tenne lys under forbøna. Kven skal tenne lys? Og korleis skal lystenninga skje? Ein kan også syngje ein bønesalme mens brudeparet knelar på altarringen. Kva ønskjer brudeparet?

Musikk/symbolhandlingar
Deltakarane i bryllaupsfølgjet og andre kan medverke med musikk, høgtlesing eller andre kulturelle innslag. Her er det rom for kreativitet og deltaking for å gjere vigselshandlinga endå meir personleg. Det kan til dømes opnast for element som understrekar den etniske bakgrunnen til brudeparet. Der den eine parten har ein annan kyrkjeleg bakgrunn enn Den norske kyrkja, kan det her opnast for deltaking frå dette kyrkjesamfunnet.