Når ein planlegg vigsel
 

14.01.2014

Praktiske opplysningar

Dersom de ynskjer å gifte dykk i Sykkylven, ta kontakt med kyrkjekontoret på e-post: post@sykkylven.kyrkja.no eller ring oss på tlf: 70246900.
Før vigselen vil presten ha ein samtale med brudeparet, der ein også går gjennom sjølve vigselsritualet. For å lese sjølve vigselsritualet, klikk her

Korleis får vi grønt lys for at vi kan gifte oss med kvarandre?
Det er Folkeregisteret som undersøkjer om paret som vil gifte seg, oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Ekteskapslova vart endra i 2004 slik at prestar og andre med vigselsrett ikkje lenger står for prøvinga av ekteskapsvilkåra. Brudeparet må sjølve skaffe ”Prøvingsattest/Melding om vigsel” frå Folkeregisteret, og ta dei med til presten på vigselssamtalen før vigselen. 

Vi gjer dykk merksame på følgjande:
1. For leige av kyrkje i samband med vigsel av personar som ikkje er busett i Sykkylven kommune vert det krevd betaling etter satsar fastsett av fellesrådet.
Unntaket er for studentar som har flytta ut heimafrå for å gå på skule. For dei blir tenesta utført som om dei budde i kommunen.
2. For leige av kyrkje i samband med vigsel av personar som ikkje er medlem av Den norske kyrkja, vert det kravd betaling etter satsar fastsett av fellesrådet.

(vedtatt 5. juni 2012)

 

For å få oversikt ei steg-for-steg oversikt over kva de må gjere før vigselen, sjå denne sida frå Folkeregisteret

Ver klar over at det kan ta fleire veker å få ordna det praktiske og få den naudsame attesten frå Folkeregisteret.

Sjå elles dei vedtektene som gjeld for ekteskap i Lov om ekteskap.