Bli med i ei husgruppe
 

21.02.2017

Husgruppene som samlast i heimane er opne for alle som har lyst å bli med.

I kyrkjelydane har vi grupper som samlast kvar 14. dag i heimane, til
sosialt samver, mat, fellesskap og samtale om tema ut frå livet og Bibelen.

Gruppene nyttar eit temaopplegg som alle får utlevert slik at dei kan ta det med heim.  
Ei av gruppene er hjå Lina & Knut Henning Aursnes, der leiarane er Grete & Arild Sporsheim tlf.: 958 74 647 / 996 29 130.
Berre ta kontakt med dei, med kyrkjekontoret (70 24 69 00) eller med nokon andre i stab/sokneråd/kyrkjelydane for meir informasjon. 

Håper du tek kontakt for ein uforpliktande prat!
Det er sjølvsagt lov å prøve dette ut for så å kanskje finne ut at dette ikkje var heilt slik du hadde tenkt det.
Gruppene er opne for alle, uansett kor mykje eller lite du føler du trur eller veit.
 

 

Dei to "vingane" på flyet...
Ein kyrkjelyd treng både den store samlinga (gudstenesta) og dei små fellesskapa (gruppene)

Ønskjet er at grupper skal vere ein sentral byggekloss i Ikornnes og Sykkylven kyrkjelydar.