Ein kjekk Medarbeidarfest
 

19.03.2014

Tysdag 18. mars var over 120 medarbeidarar i begge kyrkjelydane samla til Medarbeidarfest.

Det var staben og begge sokneråda som arrangerte og inviterte til denne Medarbeidarfesten.
Ein fest for å gi ein takk og inspirasjon til alle engasjerte og deltakande medarbeidarane i kyrkjelydsarbeidet. Vår takk går også til alle som ikkje kunne kome!

Gud kallar oss til å vere hans medarbeidarar - 1. kor. 3.9.
"Eg er vintreet, de er greinene. Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingenting gjera." - Joh. 15.5.
Vi har ulike funksjonar og posisjonar, men framfor Gud kan vi alle få vere hans medarbeidarar.

Nokon er kaffikokarar, andre er konfirmantlærerar, kyrkjemesse- og kyrkjedagsmedarbeidarar, kyrkjevertar, tekstleserar, tilsette, søndagsskulelærerar, soknerådsmedlemmar, og mykje, mykje meir, for lista er lang og oppgåvene er mange.
Vi skal få plante og vatne, men det er Gud som gir vekst. 

 

 

        

Helge (sokneprest) og Rose (kantor) delte nokon av sine tankar og draumar om gudstenestene.

 

 

 

 

 

Signe Bjørnestad (tv), Stig Vatne og Ingrid Fredly var svært nøgd med kvelden. 

 


Eit "Sunnmørsk" kakebord!