Dåpsregistrering

Dåp i Sykkylven

Påmelding til dåp kan ein gjere sjølve ved å velge "Ny registrering". 
Eventuelt kan du ringe kyrkjekontoret på tlf. 70 24 69 00 for hjelp/vegleiing.

Vi har laga ei infobrosjyre om dåp i Sykkylven som du kan sjå nærare på og laste ned. I denne brosjyra står dåpsliturgien.

Dåpssamtalen skjer felles for alle som skal ha dåp den komande månaden. Samlinga er i Kyrkjesal 1 (bruk hovudinngangen i kyrkja). På den samlinga deltek begge prestane og trusopplæraren vår, Anna Myklebust Shimeles. Vi går gjennom kva dåpen er, vi fortel om tilboda som fins for born i kyrkjene, du får høve til å sjå på nokre kjekke bøker for born (dei kan også kjøpast - vi har bankterminal), og vi går gjennom sjølve dåpshandlinga og det som skjer på dåpsdagen.

I Sykkylven ynskjer vi gjerne å tilby fylgjande - vår erfaring er at dess meir ein deltek i sjølve dåpshandlinga, dess bedre oppleving vert det for alle: 
- Vi vil gjerne at nokon frå dåpsfylgjet (fadderar, syskjen eller andre) er med og les ein eller to av tekstane om dåp. Dersom nokon vil dette, så sei frå om det i dåpssamtalen. 
- Vi vil gjerne at born som er med i dåpsfylgjet kan hjelpe til med å tørke dåpsbarnet på hovudet og tenne lys for barnet. Dette kan ein og avtale i dåpssamtalen.
- Vi vil gjerne ha eit elektronisk bilete av dåpsbarnet som vi har på storskjerm under gudstenesta. 
- Vi vil gjerne at foreldre og dåpsborn går i prosesjon inn i kyrkja saman med presten i starten av gudstenesta. Resten av familien og fadderar sit framme i kyrkja.


Oversikt over dåpsdagane framover:
1. Trykk på "Ny registrering"
2. Velg tidsrom (6 mnd. er foreslått)
3. Velg ei av, eller begge, kyrkjene
4. Trykk på "Søk"


Ta gjerne kontakt med kyrkjekontoret på telefon 70 24 69 00 for nærare info.