Tårnagent 2021


Tårnagent for 3. klassingar laurdag 5. juni!

 

Smittevern og organisering: Vi vil at barn frå samme skule skal vere på gruppe ilag, og samlar begrensa antal kohortar i eit variert program på 2t 15min. Vi følger elles anbefalingar for smittevern frå regjeringa. 

Tårnagent er eit trusopplæringstiltak retta mot 3. klassingar. Målet er å vekkje undring og la dei få utforske og lære om symbol i kyrkja og Bibelen. Barna får ulike oppdrag og oppgåver å løyse, og fokuset er symbol, og kva dei betyr. Det er gratis å vere med på Tårnagent. Vi inviterer alle 3. klassingar frå Sykkylven og Ikornnes sokn, men heile arrangementet blir i Sykkylven kyrkje. Ein treng ikkje vere medlem i Den norske kyrkja for å vere med, og vi vil dele opp grupper etter kva skule borna går på. 

Vi søker etter agentar, - ekte Tårnagentar, som vil finne nye og spennande ting ved Sykkylven kyrkje. Vi skal vere mest ute, og saman utforskar vi klokketårnet, leitar etter symbol, har agentløype, et god mat, og leikar.  

Foreldre vil få oppgåver og blir informert om dette på førehand. Mesteparten av arrangementet blir utandørs, og matservering vil skje klassevis på ulike plassar. 

Påmelding trykk HER! 

Her ser du tidlegare tårnagentar frå 2019 ved klokka. I år får vi ikkje klatre heilt opp til klokkene pga smittevern, men vi skal oppover i tårnet og sjå på dei :-) 

 

Tilbake