Gravferd


Gravplasslova nyttar begrepet gravferd som eit samlebegrep for både gravlegging og gravferdshandling.
Alle gravferder skal skje med respekt for avdødes religion eller livssyn.

I Sykkylven kommune er det Sykkylven kyrkjelege fellesråd som er gravplassmyndigheit på vegne av alle innbyggarane. Dette er med andre ord ei kommunalt lovpålagt oppgåve der Sykkylven kommune er økonomisk ansvarleg og der gravplassmyndigheita har ansvaret for anlegg, drift og forvaltning.

Dei fleste gravferdene i Sykkylven skjer med kyrkjeleg seremoni i Sykkylven kyrkje, men ikkje alle. Ved Sykkylven kulturhus er det livssynsnøytralt seremonirom som også kan nyttast.