Sykkylven kyrkjelege fellesråd > Konfirmasjon


Velkomen til eit lærerikt år som konfirmant!


Konfirmasjonstida er for alle, ikkje berre for den som trur. Det er like mykje ei tid for deg som tvilar eller som berre er nysgjerrig. I konfirmanttida får du høve til å utforske mange viktige spørsmål og tankar om Gud, verden, deg sjølv og andre menneske. Og å få nye opplevingar saman med venner. Vi skal på leir, ha sosiale kveldar, bibelgruppe, undervisning i kyrkja m.m.

Påmelding for konfirmantkullet 25/26 opnar ca. medio juni. Medlemmar i Den norske kyrkje (døypte) vil få invitasjon i posten, men alle som vil konfirmare, eller lurer på om de vil komfirmere seg, kan melde seg på.

Det vert konfirmasjon dei to første helgene i mai 2025. 

Første helga: Laurdag i Sykkylven kyrkje kl. 11 og Ikornnes kyrkje kl. 13.15. Søndag kl. 11 i Ikornnes kyrkje.

Andre helga: Laurdag i Sykkylven kyrkje kl. 11 og Ikornnes kyrkje kl. 13.15. Søndag i Sykkylven kyrkje kl. 11.

Forbehold om mindre justeringar.

Konfirmasjonen heng saman med dåpen, men det er ikkje naudsynt å være døpt for å delta i konfirmantopplegget. Dei konfirmantane som ikkje er døypte, vil bli døypte før sjølve konfirmasjonsdagen. Dette kan skje i ei vanleg gudsteneste, eller i ein eigen seremoni/dåpsgudsteneste.

Kyrkjene i Sykkylven ynskjer at alle som vil bli konfirmert skal ha høve til det. Vi ynskjer derfor å legge til rette for at alle skal kunne gjennomføre konfirmasjonstida og stå til konfirmasjon. 

Ved spørsmål ta kontakt på: tlf. 70 24 69 00 eller post@sykkylven.kyrkja.no. Kyrkjekontoret er ope kvardagar mellom kl. 10-14.