Med eigen inngang, frå aust.
ALTERET I KAPELLET
Kunstnarar: Svein Asbjørnsen og Kjell Gunnar Overøye
Foto: Hallvard Sandvik
LIVSFRISE PÅ BAKVEGGANE
Kunstnar: Birger Tusvik
Foto: Hallvard Sandvik
---------------------------
Kapellet i Sykkylven kyrkje
Forfattar Per Inge Haugen
Klenodiar frå gamlekyrkja
Det er 40 år sidan Sykkylven kyrkje brann ned til grunnen. Lilleklokka og messingstakane på altaret smelta. Storeklokka fall ned og vart øydelagd, men safen berga kyrkjesølvet. Oblatøskja frå krosskyrkja 1719, nattverdkalken frå gamlekyrkja 1883 og disken og alle særkalkane frå nyare tid er like fine. Kyrkjetenar Leidulf Langeland fann messingrestane etter altarstakane i oska og tok vare på dei.
Designar Svein Asbjørnsen
tok på seg oppgåva å koordinere utsmykkinga av kyrkjeromet i Sykkylven nye kyrkje. Han ville nytte restane frå altarstakane og var på leit etter idear. Glaskunstnar Veslemøy Nystedt Stoltenberg arbeidde med utkast til altartavle, glasmåleri og dåpsdue i bronse under hovudlysekruna. Tekstilkunstnar Bjørg Abrahamsen la fram utkast til fire tekstilkolleksjonar; altarklede, preikestolklede, lesepultklede, stolaer og messehaklar. Sølvkunstnar Grethe Prydz Kittelsen teikna utkast til nattverdkalk, disk, vinkanne, to altarstakar og dåpsfat, alt i sølv. Det la seg ikkje til rette for gjenbruk av messingrestar i kyrkjeromet, men kapellet skulle også utsmykkast. Etter oppmoding frå underteikna tok Asbjørnsen på seg oppgåva. Han var godt kvalifisert. Temaet for hovudoppgåva hans ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole var kyrkjeutsmykking.
Altartavla
Asbjørnsen fanga den berande ideen frå den dramatiske forteljinga om påskehendinga i evangeliet etter Lukas kapittel 23: «Det var alt kring den sjette timen. Då fall det mørker over heile landet, og mørkret låg til den niande timen, for sola lyste ikkje lenger. Forhenget i tempelet rivna midt i to, og Jesus ropa med høg røyst: «Far, i dine hender gjev eg mi ånd!» Med desse orda anda han ut.»
Den arkitektoniske og kunstnariske tolkinga fann si form i temaet: «Lidinga, Offeret og Gåva». Asbjørnsen etablerte eit nært samarbeid med metallkunstnar Kjell Gunnar Overøye. Han valsa, varmebehandla og framstilte to boga stålplater, den eine i raudleg, den andre i blåleg valør, med motiv og kunstnarisk utforming etter Asbjørnsen sine idear og teikningar.
Augneblinken er samla ved plasseringa av den krossfeste Kristus, reist på to stenger, frå kvar si side av rivna i forhenget - mellom den varme og kalde sida - mellom dei gode og vonde krefter, som det krossfeste sonoffer for syndene våre. Og saman med den biletlege tolkinga; også symbolisert ved sirkulære spor, bogar og strok frest inn i stålplatene og ved blinkande lansar innhogd i sølv, som uttrykk for kampen og dramaet. Spora i platene kan også vere metaforar for å stryke bort noko.
Den guddomlege dimensjon er også uttrykt ved glasveggen bak rivna i forhenget. Ideen var havsens djup og vatn generelt, mykje brukt i tolkinga både i bibelen og i salmar og songar. Den uutgrunnelege dimensjon som menneske ikkje har avdekka! Havsens og universets djupne!
Djupnene i glas bak rivna i forhenget vart skapt og montert på glasmeister Rune Eriksen sin verkstad i Oslo.
Han skar alle glaslistene i tre dimensjonar og i bølgja planbilete. Asbjørnsen limte dei opp over to dagar saman med han. Det var Rune Eriksen som også skar alt kunstglaset til altartavla og alle glassmaleria som Veslemøy Nystedt Stoltenberg skapte til kyrkja.
Det ellipseforma og laminerte altarbordet, kan både symbolisere skipet - kosmos - kyrkja på si ferd over kaosdjupet og den djupe kjelda - det levande vatnet - Kristus i verda. Begge symboliseringane er nært knytt til den uutgrunnelege dimensjon bak rivna i forhenget, som også ber i seg striden mellom kosmos- og kaoskrefter. Komposisjonen gjev djupne til den fysiske tolking av «Lidinga, Offeret og Gåva», som også ved sakramenta vert gjeve kyrkjelyden frå altarbordet. Det strekkjer seg fram ved understøttinga sin skråstilte konstruksjon.
Kristusskulpturen vart skapt av Overøye, og støypt i bronse med innblanda rest frå dei smelta altarstakane. Slik fekk dei ny form og ein sentral plass i denne altartavla i samspel med materiala stål, sølv og glas.
I botnen av glasbordet i den berande stålplata, skreiv Overøye i stålet med innhogde sølvtrådar etter
Asbjørnsen sitt ynske, det altomfattande vers frå evangeliet etter Johannes kapittel 3: «For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.»
Denne totale, dramatiske hendinga gav fødselen til den kristne kyrkje.
Kapellet
Asbjørnsen skapte altertavla sitt innhald, motiv og innreiinga rundt denne. Produksjons-grunnlaget vart teikna ut av designar Egil Maalø og produktutviklar Arve Grønmo. Søylene i kapellet gav assosiasjonar til søylene i tempelet i Jerusalem, der den veldige vevnaden, forhenget var montert. Paktkista i det høgheilage, gav tempelet sitt guddomlege tyngdepunkt. Altarbordet og altartavla med sin dramatiske, men stille tale gjev kapellet sitt guddomlege tyngdepunkt. Desse vart vigsla av underteikna ved gudstenesta, søndag den 23. september 2001 med dørene opne mellom kapellet og kyrkjerommet. Livsfrisa til kunstnar Birger Tusvik i brent tre på bakveggen, fell godt inn. Overøye framstilte kneleskammelen og to knelestolar i stål, i same materiale og teknikk som altertavla. Dette gav den tiltenkte heilskapen til rommet.
Per Inge Haugen, 27.03.2023