Kyrkjeparken ved Sykkylven kyrkje kjem komande søndag til å yre av liv og aktivitet etter gudstenesta.
Sykkylven sokneråd og Sykkylven kyrkjelyd inviterar alle til fest i parken. Du kan få kjøpe grillmat av ulik slag, kaffi og kaker, sukkerspinn, is og brus. Utlodning av fine handarbeidsprodukt. Vi får klovnebesøk og det vert aktivitetar for små og store som spørløp og lykkehjul.
Søndagsskulen og barnekora har sommaravslutningar her denne dagen, men ikkje nok med det. Vi er ein del av den nasjonale aksjonen «Saman som kyrkje i heile verda». Over heile Norge vert den markert på ulike måtar. Kvifor i all verda gjer vi dette? For å dele med barn og unge som ikkje har same muligheiter som vi har her.
Sykkylven kyrkjelyd har ein avtale om å støtte arbeidet som NMS (Det norske misjonsselskap) driv i slummen i Bangkok blant anna. Barnehage, heim for einslege mødre, musikkskule og engelskundervisning. I tillegg samlingar med fokus på menneskerettar saman med den lokale kyrkja. I Thailand trekk mange inn mot byane for å skape eit bedre liv for seg og familiane sine. Fattigdom, vald og mangel på utdanning, kan spele inn på val ein tek. Sårbarheit og desperasjon gjer at mange svært unge lett vert bytte for menneskehandel og moderne slaveri som utnytting i arbeid og prostitusjon. Vi er også med på opplæring i menneskerettar og bevisstgjering på eigen verdi. Undervisning kan forebygge moderne slaveri, og slik kan fleire seie: - Vi er ikkje til salgs.
Saman kan vi være med å bidra til bedre liv for andre, samtidig som vi er saman med kvarandre. Alle er velkomne. Om du er med på gudstenesta med barn og unge, med dåp og fokus på prosjektet,- eller du berre vil vere med oss etterpå i kyrkjeparken.