Julehelsing og Takk!


Til alle som kjenner på eit engasjement for kyrkja.

Dette julbrevet er sendt til dei frivillige som er oppsett til gudstenestene til våren, til kyrkjetenargruppa og gudstensteleiarane. Nokon får det kanskje også tilsendt direkte frå ein av dei andre i staben, men vi når på langt nær alle som like fullt skal/kan rekne seg som mottakarar av dette. Når vi i bibelen (1. Kor. 12) les om bildet på kroppen med alle dens ulike lemmer forstår vi at oppgåvene og tenestene er mange. Ja, det er eit mangfald som gjer at ingen av oss er i stand til å ha den fulle oversikta over kven som på ulikt vis er/kjenner seg engasjert for kyrkja. Bibelen løfter for eksempel opp bønnens medarbeidar som ei sentral oppgåve/teneste, og då forstår vi med andre ord at det handlar ikkje om å være oppført på ei liste for å kunne rekne seg som ein frivillig medarbeidar. Desse listene er også i stadig utvikling slik at det av den grunn også er slik at alle som stod på den gamle lista ikkje nødvendigvis får tilsendt dette brevet når ny/revidert liste blir laga. 

Med grunnlag i dette legg vi altså dette brevet ut på heimesida vår slik at den kan nå fleire.
Tusen, tusen takk til alle engasjement og innsatsar!

Med venleg helsing Arild, og resten av staben,
og på vegne av rådsmedlemmane/styremedlemmane i Ikornnes sokneråd, Sykkylven sokneråd og Sykkylven kyrkjelege fellesråd. Både dei som satt ved "roret" til og med oktober 2023 og dei nyvalde frå og med 1. november.

Tilbake