Minnelund


Det blir arbeidd med å få etablert ein minnelund ved gravplassen i Sykkylven.

Til info er det ei støttegruppe for dette prosjektet, med ei eiga Facebokside (trykk her).

PLASSERING

 

Spørsmåla og ønska om ein minnelund i Sykkylven kommune har vore tematisert i aukande grad dei seinare år. Dette vart forsterka ved at det vart vedtatt ny gravferdsforskrift i 2012 som gav eigne heimlar for etablering av minnelund. Det er difor etablert mange minnelundar rundt om i landet dei siste åra.

I 2019 vedtok Sykkylven kommunestyre, ved ein interpellasjon i sak 08/19, å oppnemne ei nemnd for å utgreie aktuelle alternativ til etablering og drift av minnelund, sjå på plassering, utforming, organisering, ansvarsfordeling og økonomi. Med grunnlag i dette hadde gravplassutvalet(*) sitt første møte i saka den 19.05.2021. I forkant av dette møtet hadde kyrkjeverjen hatt møter med dåverande kommunalsjef Bjørnar Midtbust. Gravplassutvalet har sidan dette arbeidd tett med kommunal administrasjon. Kommunalsjef Njell Hoftun tok over etter at MIddtbust gjekk av med pensjon i fjor haust.
 

21. februar 2024 var saka oppe til behandling i Sykkylven kyrkjelege fellesråd i F-sak 07/24:

F-sak 07/24     Minnelund
Gravplassutvalet har i samråd med kommunal administrasjon v/Njell Hoftun, kommunalsjef samfunn, arbeid med saka og saksframlegget til dette møtet. Dei orienterte om prosessen og om dei to ulike forslaga(**) som er framlagt til utforming av minnelunden ved gravplassen i Sykkylven. Dei la også fram ei oversikt over kostnadsestimata til desse to alternativa. Gravplassutvalet la fram følgjande forslag til vedtak:
 «Gravplassutvalet tilrår, einstemmig, å gå for løysinga til Kjell Gunnar Overøye. Vi råder samtidig til at kyrkjeleg fellesråd også gjer eit vedtak som ei tilråding til kommunestyret. Dette slik at kommunestyret, som økonomisk ansvarleg, får ta den endelege avgjersla om val av løysing. Grunnlaget til gravplassutvalets råd om Overøye si løysing er dens «lettheit» og openheit som spelar på lag med naturen og omgjevnadane rundt.»

Vedtak: 
Fellesrådet gir si tilslutning til gravplassutvalets framlegg til vedtak. Dette med tilleggskommentarar om at benkane blir utforma med ryggstø og at det blir lagt ned varmekablar i bakken i området/sirkelen ved minnesøylene.
Vedtaket var einstemmig, 5 røyster for.


11. mars 2024 var saka oppe til behandling i kommunestyret - KST - 17/24:

 Vedtak: Kommunestyret sluttar seg til Kyrkjeleg fellesråd sitt vedtak om å velge skisseforslag frå Kjell Gunnar Overøye til minnelund. Kommunestyret løyver inntil 1,2 millionar til føremålet. Finansieringa skjer ved bruka av disposisjonsfond. Midlane vert stillt til rådvelde for Kyrkjeleg fellesråd for vidare arbeid med minnelunden.

 

*Gravplassutvalet er oppnemnd av Sykkylven kyrkjelege fellesråd, gravplassmyndigheita i Sykkylven kommune.
** Forslaget til S. Vemøy   -   Forslaget til K.G. Øverøye

Tilbake