Namna minnelund


Namna minnelund


Vi nærmar oss no ferdigstilling :-)

Til info er det ei støttegruppe for dette prosjektet, med ei eiga Facebokside (trykk her).

PLASSERING

 

Spørsmåla og ønska om ein minnelund i Sykkylven kommune har vore tematisert i aukande grad dei seinare år. Dette vart forsterka ved at det vart vedtatt ny gravferdsforskrift i 2012 som gav eigne heimlar for etablering av minnelund. Det er difor etablert mange minnelundar rundt om i landet dei siste åra.

I 2019 vedtok Sykkylven kommunestyre, ved ein interpellasjon i sak 08/19, å oppnemne ei nemnd for å utgreie aktuelle alternativ til etablering og drift av minnelund, sjå på plassering, utforming, organisering, ansvarsfordeling og økonomi. Nemnda vart leia av dåverande kommunalsjef, Bjørnar Midtbust. På vegne av gravplassmyndigheita i Sykkylven vart kyrkjeverjen invitert til å være med i denne nemnda, og nemnda la fram si tilråding i 2021. Kommunestyret vedtok ikkje midlar til dette formål i 2021, men vidare sakshandsaming førte til at kr. 200 000,- var bevilga for 2022 til vidare prosjektering. Midlane vart ikkje nytta i 2022, men vart vidareført til bruk i 2023.

Prosjektarbeidet førte til at Sykkylven kyrkjelege fellesråd (SKF) fatta vedtak (S-sak 7/24) i fellesrådsmøtet den 21.02.2024. Vedtaket vart sendt vidare som tilråding/forslag til kommunestyret. Saka vart behandla i kommunestyremøtet den 11.03.2024 der dei vedtok (KST – 17/24):

                   «Kommunestyret sluttar seg til Kyrkjeleg fellesråd sitt vedtak om å
                   velge skisseforslag frå Kjell Gunnar Overøye til minnelund.

                   Kommunestyret løyver inntil 1,2 millionar til føremålet.

                   Finansieringa skjer ved bruka av disposisjonsfond.

Midlane vert stillt til rådvelde for Kyrkjeleg fellesråd for vidare arbeid med  minnelunden.»     


Kyrkjeleg fellesråd signerte kontrakt med kunstnaren Kjell Gunnar Overøye den 19.03.2024. Og vidare i prosjektet kom vi fram til å signere avtale med Anleggsgartnar Jan Erik Sandal AS som hovudentreprenør for grunnarbeid, stein- og skiferlegging etc.

Målet var å få etablert minnelunden innan oktober 2024, men arbeidet med minnesøylene, benkane og dei andre installasjonane viste seg å ta mykje lengre tid enn antatt. Mål om monteringa av installasjonane vart difor sett til medio mars 2025.

I løpet av arbeidet med straumtilførsel til dei vedtatte varmekablane vart det også avdekka at det eksisterande straumnettet for så vidt har stor og kraftig nok kapasitet, men at den ikkje har god nok isolasjon i seg, er ikkje «tett» nok. Dermed vil auka belastning føre til for høge jordfeilutslag og ikkje være godkjent etter dagens krav. Dette var med i grunnlaget for at fellesrådet den 14.11.2024 vedtok (F-sak 25/24) å søke kommunestyret om ei ektrabevilgning på kr. 250 000,-. Saka vart behandla i kommunestyremøtet den 24.02.2025 der dei vedtok (KST – 04/25):

1. Sykkylven kommunestyre vedtek å løyve kr 250.000,- til Sykkylven fellesråd for arbeidet
    med minnelund i Sykkylven kommune.
2. Dekning; Bruk av disposisjonsfond med kr 250.000,-.


Pr. no tek vi sikte på ei offisiell opning tirsdag 13. mai. 
Nærare info vil bli gjort kjent om litt.

 

Tilbake